Høyanger: – Surfski kjem til å bli populært i Noreg òg, det er berre eit tidsspørsmål, seier Daniel Longfellow, medan han løftar den superlette surfski-kajakken og går ut mot stranda på Austreim.

Jagar bølgene frå hurtigbåten med surfski-kajakk
Daniel Longfellow kjenner at han lever når han får dyrke sin store hobby; surfski-kajakk. Surfski er ifølgje Longfellow perfekt å leike seg i store bølger med. Men kva gjer han når fjorden er stille og bølgene uteblir?