Sogndal: Ruud og Anna Mathilda Øsleby gjekk heilt til topps under kåringa av Årets lærling i bygg- og anleggsbransjen på Vestlandet, går det fram av ei pressemelding.
Ruud har gått på Sogndal vidaregåande skule og har vore lærling hjå Veidekke Entreprenør. Til sommaren skal han ta fagprøve.
– Eg har fått prøve meg i fleire ulike prosjekt med forskaling og betongstøyp. Verksemda har gjeve meg tillit som bas (journ.anm gruppeleiar på arbeidsplassen), og det synes eg har vore artig og lærerikt, seier Ruud.
I kåringa vart han kalla ein pådrivar på byggeplassen. Han har også vist så gode faglege ferdigheiter at han er blitt utnemd til bas på prosjektet han jobbar på no, det nye bybadet i Ålesund, heiter det.
Henrik Bakke og Øyvind Drageset kom på tredje- og fjerdeplass.
Høgt nivå
Kåringa er arrangert av Entreprenørferningen Bygg - Anlegg Vestenfjelske avdeling. Verksemdene nominerar kandidatar som vert vurdert av ein uavhengig jury i bransjen.
Vinnarane fekk 10.000 kroner og diplom.
Mads Wiik Kleven representerte Fellesforbundet i styra for opplæringskontora Byggopp Hordaland og Byggopp Sogn og Fjordane på kåringa. Han sa det var eit høgt fagleg nivå blant kandidatane.
– Eg er imponert over det faglege nivået til kandidatane, og over innsatsen leiarar og instruktørar i verksemdene gjer for å utdanne dyktige fagarbeidarar, sa Kleven under kåringa.