HARD VEG TILBAKE: Noko av det mest krevjande for Thomas Morel er å innsjå at han har gjort ein god jobb. Der har han blitt mykje flinkare med åra, føler han. Her legg han finishen på eit utsmykkingsprosjekt på Sogndal vidaregåande skule i august.

Jakta på det perfekte biletet enda i depresjon – no har smellen blitt til NRK-sendt dokumentar

For fotograf Thomas Morel frå Feios var det ei openberring å forstå at ikkje berre han har mørke tankar. No håpar han dokumentaren om oppturane og nedturane i livet hans kan hjelpa andre som slit med det same. Sjå traileren her!

Bergen/Feios: I tre år har regissør Ida Kleppe frå Sunnmøre følgt fotograf Thomas Morel frå Feios med kameraet på slep. Resultatet er ei historie om store oppturar og mørke bølgedalar. Den 13. desember skal den visast på NRK. 

– Det som fascinerte meg var den ekstreme perfeksjonismen hans. At han var villig til å gå så langt i jakta på det perfekte biletet, at det av og til gjekk over i det usunne. Det skjeringspunktet mellom den gode og onde perfeksjonismen tykte eg var veldig spanande, seier ho.

Morel er ein ung fotograf som har vunne internasjonale prisar for bileta sine og yrket har teke han til spanande plassar jorda rundt. Likevel har jakta på det perfekte biletet gjort at strikken til tider har blitt tøygd for langt. I dokumentaren får me vera med når han blir lagt inn på psykiatrisk sjukehus.

For eitt år sidan nådde han nemleg botnen.

SJUKELEG PERFEKSJONISME: Under filmen får me vera med då Morel blir lagt inn med depresjon på Kronstad distriktspsykiatriske senter i Bergen. Eitt år seinare har han det langt betre.
SJUKELEG PERFEKSJONISME: Under filmen får me vera med då Morel blir lagt inn med depresjon på Kronstad distriktspsykiatriske senter i Bergen. Eitt år seinare har han det langt betre. Bilde: Ida Kleppe/Pandora Film

– Det bygde seg opp over ein lang periode, heilt til eg ikkje hadde energi igjen og ikkje lenger såg noko lys. Eg kjende meg verdilaus, at eg ikkje fekk til noko, seier Morel.

– Eg er ikkje den einaste som har det slik

Etter at traileren kom ut har han måtta fortelja folk at han har det bra no, sjølv om det var ein hard jobb å komma seg dit. Han føler han har blitt flinkare til å tøyla perfeksjonismen. Å vera med i filmen har òg vore ei viktig læring, føler han.

– Etter kvart har eg lært meg at eg ikkje er den einaste som har det slik og at det ikkje er noko gale med meg. Hadde eg visst det før, så hadde det vore enklare å akseptera og komma seg vidare, seier han.

Han er glad for at dokumentaren ikkje berre handlar om dei psykiske problema, men òg viar stor plass til jobben hans som fotograf. Den balansen har vore viktig, synst Morel.

Samsundes er håpet at dokumentaren kan bety noko for dei som måtte slita med det same som han. Og at folk rundt forstår at ikkje alle symptom kan bli plukka opp av eit termometer.

– Alle skjønnar at du må vera heime med ein knekt fot eller når du har influensa. Det er mykje verre å forklara når du berre har ein dårleg dag. Og det trur eg er noko alle opplever, seier Morel.

Vil normalisera depresjon

Regissøren håpar på noko av det same. At filmen kan normalisera depresjon og visa at det ikkje er noko farleg. Sjølv om temaet verkar alvorstungt, er det mange humoristiske augneblink i filmen.

– Sjølv når han er veldig deprimert, så er han framleis Thomas og nokon me kan tulla med. Eg håpar at me klarer å formidla noko av dèt til sjåarane òg, seier Kleppe.

Ho er takksam for at dei har fått lov til å følgja Morel så tett i tre år. At han har opna opp for dei i både glade og tunge stunder. Ho føler sjølv det har vore lærerikt å sjå at ein så vellukka, talentfull og sterk person, til tider kan vera så langt nede.

– Når han har det sånn, så kan òg andre seia at dei har det slik, utan å skamma seg, seier ho.

Til toppen