FIN POSITUR: Når skuggane har innteke dalane, er det framleis sol å finna på toppane. Utsikt mot Aurlandsfjorden.
FIN POSITUR: Når skuggane har innteke dalane, er det framleis sol å finna på toppane. Utsikt mot Aurlandsfjorden. (Foto: Anja Damstuen Forthun)

VEKAS FOTO

Jaktar haustsola på toppane

Anja Damstuen Forthun frå Lærdal går på tur i fjellet året rundt. Men ski held ho seg helst unna.

Aurland: Vekas foto tok ho førre søndag på veg opp mot Prest, eitt av dei mest populære turmåla i Aurland.

– Me gjekk ikkje heilt opp, for det var snø og litt sleipt på vegen, og me hadde ikkje dei beste skoa. Men det er like fin utsikt frå der me var, seier fotografen.

Ikkje minst tykte ho det var godt å sjå att sola, som nede i dalane vert ein stadig sjeldnare gjest når det lir mot vinter.

– Sola er reist frå Lærdal dei fleste plassar no. Då er det greitt å jaga etter ho innimellom, seier Damstuen Forthun.

Svergar til truger

Ho er glad i vera ute i naturen, men det skal helst skje til fots. Ein vinter i anmarsj betyr likevel ikkje at Damstuen Forthun bur seg på å gå i turdvale. 

– Eg har broddar og truger, så eg sluttar no ikkje å gå. Det er mange turar i området som er opptrakka, så då går det fint, seier ho.

Det er ikkje slik at ho absolutt ikkje står på ski, men det er berre ikkje det ho likar best. I tillegg vert den faste turkameraten Tia, ein australsk gjeterhund, lett gira om farten blir stor. 

– Med ein gong det er litt nedoverbakke, så skal ho ta skia, seier Damstuen Forthun.

Til toppen