NY LEIAR: Tor Erik Sveen stiller ikkje til attval som leiar i IL Jotun, så no går valnemnda med mellom anna Marie Helene Hollevik Brandsdal og Per Kopperdal på jakt etter kandidatar. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NY LEIAR: Tor Erik Sveen stiller ikkje til attval som leiar i IL Jotun, så no går valnemnda med mellom anna Marie Helene Hollevik Brandsdal og Per Kopperdal på jakt etter kandidatar. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Jaktar ny leiar i Jotun

Tor Erik Sveen tek ikkje attval som leiar i IL Jotun.

Årdal: Difor er valnemnda no på leit etter moglege leiarkandidatar. Det fortel Marie Helene Hollevik Brandsdal og Per Kopperdal som sit i valnemnda og møter Porten.no. Også Alf Inge Holsæter sit i valnemna, men var ikkje tilstades. No ønskjer dei tre innspel til kandidatar.

Sveen har sete som leiar i idrettslaget i tre år, men tak altså ikkje attval. Årsmøtet i idrettslaget er ikkje før 4. mars, så då er det litt over to månader til å innstille ein kandidat til vervet.

– Dette er eit viktig verv for Idrettslaget Jotun og eit verv som betyr mykje. Det skal vera eit verv som favnar om alt av aktivitetar i Jotun, leiaren må kunne sjå heilskapen og samla gruppene til felles beste for dei aktive, seier Brandsdal.

Får ros

Dei to rosar Sveen for jobben han har gjort i løpet av dei tre åra han har vore leiar, spesielt sidan det har vore ein krevjande periode.

– Han har hatt mykje å ta tak i og kom inn i ein krevjande periode, seier Kopperdal.

I år toppa det seg i handballen då tre av spelarane slutta i protest mot trenaren. Jotun valte å stå ved Olafur Sveinsson si side, men utan dei tre byrja tapa å hope seg opp. Til slutt enda det med nedrykk til 3. divisjon. 

Samstundes er det stadig diskusjonar på fotballsida om korleis modellane skal sjå ut der i samarbeid med Årdal Fotballklubb og ÅTIL. Det er venta at dette blir landa før 15. januar då fristen på å melde på lag går ut då. 

Endringar

– Eg trur at det aller tyngste er forbi i handballen. I fotballen er ting på gang, og mykje må vera på plass i mars når den nye leiaren kjem inn, seier Kopperdal.

– Me har fått landa mykje på handballen, og så skal det vera avgjerande møte på nyåret i fotballen, legg Brandsdal til.

Elles har idrettslaget skaffa seg ny draktsponsor, fått nye heimesider, digitalisert «Min idrett» og fått nye rutinar på økonomien, så mykje har skjedd. 

Forutan leiarvervet er også kasserar og eit styremedlem på val. 

Til toppen