Lærdal: Gla' i Lærdal vart arrangert for første gong i 2014 og er eit arrangement for barn og unge, og som skal vera gratis for dei som deltek.
– Det vert ei blanding av historie, kultur og aktivitetar. Det er viktig å bruka heile bygda vår, samt at dette vert ei positiv oppleving for alle som er med. Me vil at me skal vera glade for å bu i Lærdal, stolte over bygdi, og at me er glade når me her, seier leiar i Lærdal idrettslag Hallvard Thomassen.
Gla' i Lærdal vert arrangert i midten av juni etter same struktur som i fjor med både nye og gamle aktivitetar.
- Les også: Dei er gla' i Lærdal
I fjor var det mellom anna målarkurs med Kristen Olav Grøttebø, konsert med Long Horn og Terje Isungset, fisking på Borgund og aktivitetar i motorikkparken.
I år er tema «Eit sentrum med aktive ungar», noko som betyr at det meste skal skje i området rundt Gamle Øyri.
– Me treng frivillige i alle aldra til å bidra i gjennomføringa. Hovudoppgåva er registrering, følgja ungane til og frå aktivitetar og generelt vera til stades. Tidsrommet på dagen er 09-14, men du treng ikkje vera med heile dagen, seier Thomassen og oppmodar interesserte til å ta kontakt med Svanhild Lindesteg.