FJORÅRETS VINNARAR: Leiar i hovudutvalet for næring, Hilmar Høl (Ap), saman med vinnarane av gründerprisen for ungdom i 2014, Sander Buene og Sigrid Henjum ved Sogndal Lodge & Guiding AS og dåverande fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap). Foto: Marit Brennset/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Jaktar unge gründerar

For ein ung gründer i Sogn og Fjordane kan jula starte ekstra tidleg i år. Kjenner du ein eller fleire gode kandidatar?

8. desember delar nemleg fylkestinget i Sogn og Fjordane ut gründerprisen for ungdom 2015, som er på heile 50.000 kroner.

Prisen har vore delt ut sidan 2006 og dei som stakk av med prisen i fjor var Sigrid Henjum og Sander Buene i Sogndal Lodge & Guiding AS.

– Me håpar at gründerprisen for ungdom inspirerer til vidare innsats, for me treng fleire ungdomar som tør å ta steget vidare, seier Karen Marie Hjelmeseter (Sp), som er nyvalt leiar i hovudutval for næring og kultur. 

Hjelmeseter veit godt kva det vil seie å vere sjølvstendig næringsdrivande. Odelsjenta takka ja til å ta over garden og driv han framleis, ved sida av å ha ei aktiv rolle i politikken.

Kjenner ein eller fleire som fortenar prisen, eller kanskje er du ein ung gründer sjølv? Meir informasjon om kriteria for å vinne prisen og kvar du skal sende søkndad finn du på nettsidene til Sogn og Fjordane fylkeskommune.  

Fristen for å foreslå kandidatar er 11. november. 

Til toppen