NYE TAKTER: Toyota C-HR er ein livsstils-crossover, for folk som vil skilja seg ut. Importøren trur dei vil selja 3.000 av han i år, og klart flest av hybridversjonen. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /
NYE TAKTER: Toyota C-HR er ein livsstils-crossover, for folk som vil skilja seg ut. Importøren trur dei vil selja 3.000 av han i år, og klart flest av hybridversjonen. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /

Jåle-Toyota

Toyota er tradisjonelt streite saker. Med C-HR prøver dei noko heilt nytt: å få tak i dei trendy kundane.

Toyota er ikkje akkurat kjend for å ta sjansar, dei har i ei årrekkje laga botnsolide og ganske så kjedelege bilar. Bilar for folk som er fornuftige, som ikkje ønskjer å skilja seg ut, men som veit at køyretøyet vil ta dei frå A til B, gong etter gong, år etter år.

Det dristigaste dei har gjort i dette hundreåret er vel Prius, som har fått lov til å vera eit litt sært familiemedlem, ein slags bjøllesau for den hybride drivlina.

Sjølv luksusmerket under Toyota-paraplyen, Lexus, var i ei årrekkje nærmast generiske bilar, bilar som berre ser ut som ein bil. Der begynte det å skje saker og ting for nokre år sidan, med dristigare linjer og ein grill som ikkje liknar på noko anna.

No er turen til og med kommen til Toyota. 

Om produsenten kjem til å redesigna heile porteføljen er vel heller tvilsamt, men dei har ein plan om å levera ein og annan modell som tek sjansar med det visuelle. Og det startar med denne bilen, C-HR.

Trinnlaus

C-HR er ein liten, SUV-aktig crossover-farkost som ønskjer å fanga opp ein kundemasse som er oppteken av å stikka seg litt ut. Reint praktisk har det også blitt billegare å laga slike bilar. Moderne plattformer, som bilane blir bygde på, har ein fleksibilitet som gjer at dei passar til ei rekkje ulike modellvariantar. Den som ligg i botnen av ein C-HR, finn ein også i Prius.

C-HR finst med to ulike motorar, éin hybrid og 1,2 liters bensinmotor til testbilen som yter 116 hestekrefter. 1,2-literen er den einaste som kan leverast med firehjulstrekk, slik som testbilen her. Han veg nesten 1,5 tonn, og null til hundre er oppgjeve til 11,4 sekund. Bilen er med andre ord tøffare i trynet enn i motorrommet. Samtidig er dette ein ganske frisk liten motor som passar til bilen. 

Bilen har likevel ein ting som ikkje alle trivst like godt med. Ein trinnlaus automatgirkasse, det gjer at han vanskeleg kan kallast sportsleg. Dette er svaret til girkassen på idealtid, altså ein girkasse som alltid tid finn fram turtalet han likar seg best i, uansett. Det kan rett nok overstyrast via ei slags manuell løysing, men det blir meir ei kulisse enn noko reelt.

Artikkelen held fram under biletet

GJER DØRA LÅV: Baksetet har ein smal inngang og små vindauge.
GJER DØRA LÅV: Baksetet har ein smal inngang og små vindauge.

Inga dumphuske

Viss ein kan leva med denne girkassen, dukkar det opp fine køyreeigenskapar. Med ein relativt kort akselavstand blir han litt stump, men vi har køyrt tilsvarande bilar som er langt meir dumphuske enn det C-HR er. Toyota har gjeve bilen eit ryddig understell som klarar svingar utan å lena seg for mykje mot sidene, og han misser ikkje fatninga om underlaget er rufsete. 

I det heile er bilen overraskande morosam å køyra til trass ein ganske veik motor og ein girkasse som heller ikkje osar av entusiasme. På låge turtal er det ikkje så mykje krefter å henta, eit dreiemoment på 185 newtonmeter gjer han heller ikkje til ein traktor når momentet slår inn på 1.500 omdreiingar. Dette blir kompensert med at bilen kjennest veldig lett på tå, og har ei styreeining som er presis og god.

Det er grunn til å tru at bilen rettar seg mot folk som ikkje er så interessert i det praktiske. Bakseta har knapt utsikt, barn blir sitjande svært djupt og vil ikkje vera i stand til å avgjera kva slags vêr det er på utsida. For vaksne av ein viss storleik blir det eit element av kroppsleg origami for å koma seg inn i baksetet.

Artikkelen held fram under biletet

FUNKSJONELT: Interiøret er mindre utspjåka enn det ytre.
FUNKSJONELT: Interiøret er mindre utspjåka enn det ytre.

Effektar

Det som nok er viktigare, er korleis han tek seg ut frå utsida. Og der har ikkje Toyota spart på effektane. Bilen har realt overdrivne hjulbogar, med linjer langs sida som skjer inn i hekken. Baklyktene stikk fram, mens bogane over bakhjula står ut som eit sett breie hofter. Det gjev bilen ei breibeint haldning. Framanfrå er han også noko for seg sjølv, med inspirasjon frå RAV4 samtidig som alle elementa har meir volum. Det har blitt eit utsjåande som vanskeleg kan kallast fint, men det skil seg ut og har karakter i massevis.

Truleg akkurat det Toyota var ute etter. 

Varianten vi testar har maks med utstyr og er den dyraste C-HR utgåva. Med ein startpris på rett under 400.000 er det langt frå eit røvarkjøp, nesten like mykje som ein RAV4. Poenget med C-HR er vel uansett at kundegruppa aldri vil finna på å sjekka prisen på ein traust familiebil. 
 

Til toppen