Årdal: – Veldig kjekt å vinna, det set me utruleg stor pris på. At eit lokalt årdaluttrykk blir lagt merke til slik er artig, seier Øren.
Noreg beste firmanamn er ei årleg kåring arrangert av Gule Sider, og vinnaren i år vart altså klesbutikken «Jålebroki» i Øvre Årdal.
– Me har drive butikken i seks år og dette er tredje gong me har vore nominert til denne prisen, seier Øren.
Namnet vart til gjennom idèmyldring
Kommunikasjonssjef i Gule Sider, Renate Morken, seier til Sogn Avis - som omtalte saka først - at Jålebroki er ein verdig vinnar og eit fengjande namn.
– Me gratulerer Jålebroki med tittelen «Noregs beste firmanamn 2016». Det har vore moro å sjå mangfaldet av gode firmanamn i det lokale næringslivet.
Butikkeigar Øren fortel namnet vart til etter ein runde idèmyldring med medeigar Hanne Smedegård.
Turistane nysgjerrige på namnet
Og når turistar og folk frå andre deler av landet er innom, stussar dei gjerne litt over dette namnet.
– «J-å-l-e-b-r-o-k-i», stavar dei - «Kva tyder det?». Eg seier det er ei slags pyntedokke, ordet er jo ikkje mogleg å omsetja direkte. «Jålebukse» gir jo ikkje meining.
– Er dei som handlar her jålebrøker?
– Her er det masse fantastisk fine jålebrøker som handlar, ler Øren.
– De endrar ikkje namnet no, reknar med?
– Du kan berre gløyma at me endra namnet vårt, det gjer me aldri!