KJÆRT NAMN: Jan Eggum skal spela på kulturhuset i Sogndal denne hausten.
KJÆRT NAMN: Jan Eggum skal spela på kulturhuset i Sogndal denne hausten. (Foto: Anne Valeur)

Jan Eggum skal spela intimkonsert i Sogndal

Slik blir konserthausten på Blaoboxen i Sogndal kulturhus.

Sogndal: Konsertscena Blaoboxen i Sogndal kulturhus kan lokka med ei rekkje artistar denne hausten, med Jan Eggum som eit melankolsk høgdepunkt.

– Me er sjølvsagt veldig nøgde med programmet, det blir noko for alle som likar bra konsertar, seier bookingansvarleg Håvard Ese Eliassen.

Les òg: Hundrevis let seg lokka til konsert med spektakulære rammer

TV 2-kjendis og jazznestor

JAZZETE: Gabriel Fliflet er eit kjend namn i folkemusikk- og jazzverda. Bandet Sevje er eit relativt nytt prosjekt.  Foto: Gothard Larsen

Først artist ut er Gabriel Fliflet, ein nestor innan norsk folkemusikk og jazz, best kjend for samarbeidet med perkusjonisten Ola Hamre.

– Til oss kjem han med eit ikkje heilt nytt, men eit ganske nytt prosjekt som heiter Sevje, så det blir veldig spanande, seier Eliassen.

Frida Ånnevik har gitt ut seks album, og vunne tre Spelemannsprisar. Etter at ho var med på Århundrets stemme, ein sangkonkurranse med kjende artistar sendt på TV 2.

– Ein fantastisk artist og fant vokalist, er dommen frå Ese Eliassen.

Siste artist i nasjonalt format kjem i november. Då får konsertscena besøk av ein original gitarkamerat, visesangar og nasjonalmelankolikar Jan Eggum.

– Det blir ein liten intimkonsert med ein av våre mest kjende artistar innan sjangeren, seier Ese Eliassen.

Sogndal Storband og Distriktsmusikarane i Sogn fyller ut programmet for hausten.

PRISVINNAR: Frida Ånnevik har hanka inn prisar på rekkje og rad, men det var etter deltaking i TV 2-programmet Århundrets stemme at eit større publikum fekk augene opp for ho.  Foto: Pressefoto

Lita scene med store namn

Blaoboxen er ei lita scene, der publikum kjem tett på dei som opptrer. Bookingsjefen seier dei ser etter artistar som er aktuelle og som har eit rolig uttrykk, som passar dei intime rammene.

– Me prøver å plukka dei som leverer musikk høg kunstnerisk kvalitet. Artistar som kan skapa tette og gode konsertopplevingar, seier Ese Eliassen.

Hausten 2015 var den første at Blaoboxen sette opp eit heilt program. Sjølv om plassen er fersk, har den rokke å få eit namn, meiner bookingsjefen. 

– No føler eg me har etabler oss, både som ein aktør her i Sogn, og som ein plass artistar i Norge kan legga tunerar innom. Konsertane har vore på ufatteleg høgt nivå, og me har hatt innom ganske mange kule folk etter kvart, seier Ese Eliassen.

Til toppen