Lærdal: Solheim (Sp) har lagt bak seg åtte år som ordførar i Lærdal. No har han bestemt seg for å stilla til val for fire nye år.
– Eg har gått eit par rundar med meg sjølv, og føler meg svært motivert til å stilla som ordførarkandidat ved neste val, seier Solheim.
Solheim: – Eg gler meg til valkamp
I tida framover vil han mellom anna jobba mykje med utvikling, drift og framgang i næringslivet.
– Det har vore mange grunnar til at me ikkje har fått til det i Lærdal tidlegare, men no ligg mykje til rette for å få det til betre enn nokon gong.
I tillegg vil han jobba for å auka folketalet i bygda.
– Folketalet har begynt å auka, og det er nytt i Lærdal dei siste åra. Men, me har moglegheit til å tilby mykje meir, seier ordføraren.
Han ser fram til dei neste månadene.
– Eg gler meg til valkamp. Ingenting er sjølvsagt, seier Solheim og legg til at han skal jobbe hardt den neste tida.