Jon Ove Lomheim på startstreken før vinnarløpet.
Jon Ove Lomheim på startstreken før vinnarløpet. (Foto: Hafslo idrettslag)

Jon Ove blei olympisk meister: – Det er veldig kjekt

I går vann Jon Ove Lomheim OL-gull i kombinert i Innsbruck.

Hafslo: – Gratulerer til Jon Ove. Hafslo IL er svært stolte over å ha fått ein olympisk meister i klubben vår, skreiv Hafslo idrettslag på Facebook i går kveld.

– Det er veldig kjekt etter å ha drive med dette i 20 år, seier gullvinneren Jon Ove Lomheim.

Lomheim deltar i aldersklassen 65 til 69 år i årets OL for veteranar i Innsbruck. I fjor vann han også gull i VM i same disiplin.

Eitt gull og to sølv

VM for veteranar blir arrangert kvart år, men det er heile ti år sidan sist OL. No er det planar og gjennomføra veteran-OL litt hyppigere.

– Det er voldsom artig. Og dei legg konkurransane til stader kor det er arrangert OL før. Så eg håpar på at det blir arrangert i Lillehammer ein gong òg, seier han.

Hafslo idrettslag har gjort det godt i dei olympiske leikane i den austerriske byen. Frå utøvargarderoben kan Lomheim fortelje at han vann sølv i 40-meterbakke på søndag.

– Det var grunnlaget for kombinertløpet der eg deltok i går. Det var eit kjekt løp. Det følest spesielt å gå på slike kjende skiplassar.

På tysdag deltok både Lomheim og sambygdingen Ove Fredheim i hopp i 70-metersbakke. Der tok Fredheim sølv i sin klasse og Lomheim kom på sjuande plass. I dag deltek Fredheim i konkurranse i 100-meterbakken.

Jon Ove Lomheim vann gull etter sin innsats i kombinert i Olympisk meisterskap for veteranar. (Foto: Hafslo idrettslag)
Jon Ove Lomheim sitt konkurransenummer og den gyldne medaljen. (Foto: Hafslo idrettslag)
Til toppen