KVELDSTUR: Bilete er teke på veg opp mot Bjørnaholten på Seimsåsen.
KVELDSTUR: Bilete er teke på veg opp mot Bjørnaholten på Seimsåsen. (Foto: Jan Ove Skjerping)

VEKAS FOTO

Jan Ove kombinerer hobby og trim

Dersom eg har «tid og stunde, og vêret er noko lunde», vert det som regel ein tur opp i fjellsidene, seier Jan Ove Skjerping.

Indre Sogn: Førre veke spente årdølen Jan Ove Skjerping på seg trugene og sette stø kurs opp mot Bjørnaholten, ein tur som tek om lag ein og ein halv time i roleg tempo. Med seg i sekken hadde han sjølvsagt kameraet.

– Det er ei fantastisk utsikt på Bjørnaholten, ein kan ein sjå inn mot tinderekkene i Jotunheimen. Dersom det er måneskin og vêret tillet det på kveldstid, kan ein få svært spesielle bilete, seier Skjerping, som har drive med fotografering i over 20 år.

– Eg er litt over middels interessert i fotografering, så det er ofte føremålet med turane. 

God trim i motivjakt

Han er spesielt interessert i å fanga lys med kameraet. Difor tykkjer han det er fascinerande å fotografera i mørket.

– Både det å ta bilete frå nede i Årdal og oppover, eller motsett, tykkjer eg er veldig spanande. Men ekstra spesielt er det å få fanga det ein kan sjå dersom ein er i høgda når det er mørkt, seier han. 

– Dersom eg har «tid og stunde, og vêret er noko lunde,» vert det som regel ein tur opp i fjellsidene, legg han til.

I tillegg til Hydro, jobbar Skjerping i brannvesenet, noko som krev at han må halda seg i form. 

– Fjellturar er ein fantastisk fin måte å halda seg i form på. I tillegg får eg jo kombinera hobby og trim, for ein får absolutt puls på desse turane i området. Det er bratt, seier han og ler. 

Til toppen