UNIK: Jan Rune Raudi har tatt fagbrevet i polymerkomposittfaget. Anne Kauppi hjå Sogn Opplæringskontor trur han er den første, iallfall på mange år, som har dette fagbrevet i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
UNIK: Jan Rune Raudi har tatt fagbrevet i polymerkomposittfaget. Anne Kauppi hjå Sogn Opplæringskontor trur han er den første, iallfall på mange år, som har dette fagbrevet i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Jan Rune er kanskje den einaste i Årdal med dette fagbrevet

I førre veke tok Jan Rune Raudi fagbrevet i polymerkomposittfaget. Truleg er han den første i Årdal som tar dette fagbrevet.

Utladalen: Polymerkomposittfaget er utvikling av plastmateriale, produkt og produksjonsmetodar, og dekkar stadig fleire område gjennom produksjon av komposittar til båtar, bildelar, fly og romfart, og ikkje minst kraftindustri.

Det er innanfor dette siste punktet at jobben Jan Rune Raudi blir aktuell for dette faget. Raudi er til dagleg tilsett i Aardal AS. Det har han vore i 28 år, og dei siste par åra har han brukt på å ta fagbrevet.

– Eg hadde nok av kompetanse i faget, men hadde ingenting å syna fram. Difor valte eg skule og fagbrevet. Det har eg kombinert med jobb. Det handla rett og slett om å få det synlege beviser på at eg veit kva eg driv med, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

FAGPRØVEN: Fagprøven bestod i å lage denne kassa. Prøvenemnda frå Arendal var overraska over at det fanst folk som ville ta fagbrev i dette yrket «så langt på land». 
FAGPRØVEN: Fagprøven bestod i å lage denne kassa. Prøvenemnda frå Arendal var overraska over at det fanst folk som ville ta fagbrev i dette yrket «så langt på land». 

Anne Kauppi på Sogn Opplæringskontor seier det blir stadig viktigare for ufaglærte å ta fagbrevet, og det er mange som gjer det relativt seint i yrkeskarriera.

– Det er ein fordel å ha eit formelt bevis eller vitnemål på fagkompetansen din, seier ho og rosar dei to store bedriftene i Årdal, Hydro og Norsun, for at dei kvart år let tilsette som har nokre år i bedrifta få ta fagbrevet.

Einaste i Årdal?

I Raudi sitt tilfelle er fagbrevet ganske spesielt også. Kauppi trur han er den einaste i Årdal, eller i det minste den første på mange år, som tar fagbrevet i polymerkomposittfaget. Prøvenemnda, som kom frå Arendal, var også overraska over at det fanst folk så langt «inn i landet» som valte denne retninga. Dette er nemleg mest normalt for folk som jobbar med båtar.

– Eg trur han er den første i Årdal som har dette fagbrevet. Det er eit fagbrev som heiter plastfaget, men det er litt annleis. 

Sjølv har han ingen spesielle tankar om det, men meiner det er viktig for bedrifta at han som tilsett no har det synlege beviset.

– Eg snakka med Jan (Rasmussen journ. anm.) den gongen for to år sidan og sa at eg ville ta fagbrevet slik at bedrifta kan visa at me er sterke. Det fekk eg lov til. Det som har vore verdt er teorien, men praksisen gjekk veldig greitt, seier han.

Viktig for bedrifta også

Også dagleg leiar i Aardal AS, Ingeborg Rasmussen, meiner det berre er ein fordel for bedrifta deira at dei tilsette tek fagbrevet.

– Det er veldig flott at ein vaksen kar vil gå på skule og få meir kompetanse. Han har drive med dette i snart 30 år, så dette kan han, men å få det på papiret er viktig for både han og bedrifta fordi det syner at me er seriøse og veit kva me driv på med, seier ho.

Til toppen