GJENSYN: Nyttårskonserten er eitt av dei musikalske høgdepunkta i Årdal. Vokalist Monica Hjelle er ein av fleire artistar med lokal forankring som blir å sjå igjen frå i fjor.
GJENSYN: Nyttårskonserten er eitt av dei musikalske høgdepunkta i Årdal. Vokalist Monica Hjelle er ein av fleire artistar med lokal forankring som blir å sjå igjen frå i fjor. (Foto: Kaja Nygård)

Janitsjarkorpset gler seg til storslått nyttårskonsert

– Her kjem det til å svinga skikkeleg.

Årdal: I morgon, laurdag, inviterer janitsjarkorpset til nyttårskonsert i Årdal kulturhus. 

– Me har jobba med dette lenge, for å skapa ein god start på året. Både for oss sjølve og for eitt forhåpentlegvis stort publikum. Me har hatt god respons tidlegare, sist med Frode Alnæs. Då var det ikkje alle som fekk billettar ein gong, det var stappfullt. Me prøver å halda liv i dette konseptet, for det gir oss mykje, seier leiar Jan Erik Øyre i Øvre Årdal janitsjarkorps. 

Tradisjonen tru har dei fått ein kjent norsk artist med på laget, denne gong Odd Rene Andersen.

SISTE FØREBUINGAR: Korpset og gjesteartistane har øvd hardt inn mot konserten på laurdag. Her legg dei siste finpussen på verket. Foto: Privat

– Han er ein kjempeartist og soulkongen i Norge, seier Øyre.

Blanding av lokale og nasjonale artistar

Dirigent Helge Øren seier dei har øvd på sangane dei skal framføra sidan august. Etter eit halvt år er dei endeleg klare til å visa publikum kva dei har kokt ihop.

– Det skal bli veldig godt å få dei framført, seier Øren.

Med seg har korpset òg fått Per Hillestad på slagverk, Andre Viervoll på tangentar, Ole Magnar Nundal på bass og Odd Sigmund Høl på gitar. Trioen Monica Hjelle, Laila Asperheim og Beatrice Juskaite skal synga. Sistnemnde er berre 14 år gamal og går på kulturskulen.

– Ho er verd å merka seg. Ho er kanon for å seia det mildt, seier korpsleiar Øyre.

Lovar at det vil svinga

No ser han fram til å presentera det dei har jobba med omtrent sidan førre konsert slutta for eitt år sidan.

Konserten er påkosta og har krevd støtte frå sponsorar for å i det heile tatt vera mogleg. Alle låtane er arrangert spesielt for korpset, som kjem til å fungera meir som eit storband.

– Det er garantert at her kjem det til å svinga skikkeleg. Så me gler oss alle samen, både komp, artistar og heile bøtteballetten, seier Øyre.

Til toppen