ÅTVARAR: Jann Damli er lei av å få tvilsame telefonar frå utlandet.
ÅTVARAR: Jann Damli er lei av å få tvilsame telefonar frå utlandet.

Jann (83) vil åtvara mot moglege svindlarar: – Eg veit ikkje kvifor dei ringer

No vil han åtvara andre mot å svara.

Årdal: Jann Damli (83) frå Øvre Årdal har dei siste dagane blitt ringt opp av eit nummer frå England. To gongar onsdag, èin gong torsdag, og èin gong i førre veke. Til slutt fekk han nok og gjekk til politiet.

– Eg veit ikkje kvifor dei ringer, og kvifor dei gjer det så ofte. Det er utriveleg at folk skal driva på å ringa på den måten, seier Damli. 

– Viktig at folk ikkje svarer

Hos politiet fekk han beskjed om å ikkje ta telefonen neste gong. Dei råda han òg om å gå til avisa, så andre òg blir åtvara.

– Det skjer over heile landet stort sett. Det er viktig at folk ikkje svarar, seier Damli.

Han har lese i media om at folk blir bedne om å kopla seg på datamaskina og lasta ned vondsinna program, alt under påskot av at datamaskina skal bli fiksa. Det var ikkje taktikken til Damli sine oppringarar:

Har lært leksa

– Dei seier berre hallo, og når eg svarer, så bryt dei. Eg kan ikkje forstå kva det er dei kan oppnå med det, seier Damli.

Han har sjekka og funne at at han vart oppringt frå eit nummer frå London, utan at det gjorde han noko klokare. Men han veit kva han skal gjera neste gong han ser eit utanlandsk nummer.
 
– Då svarar eg ikkje, men let telefonen berre ringe, seier Damli.
 
 

Til toppen