Aurland: – Det er krevjande å skulle kombinera ei stor utbygging med ein skulekvardag. Me skal ha full drift og elevane som er her no skal ha like gode vilkår som elevane både før og etter dei, seier tidlegare rektor Bjørg Fritsvold.
Ho er skulen sin representant inn mot andre aktørar i det store ombyggingsprosjektet; som entreprenør og skuleeigaren fylkeskommunen.
For eit ekstraordinært vedlikehaldsarbeid går no føre seg på Sogn Jord- og Hagebruksskule. Dette medfører både ei utviding av bygningsmassen, og altså renovasjon.
30 millionar kroner betalt av spleiselag
Hovudmomenta i arbeidet er at det blir bygd eit mellombygg mellom internatet og undervisningsbygget - som også blir bygd på i andre enden, mot aust. Dette medfører større kapasitet på grupperomma, meir kontorareal og ei vesentleg oppgradering av garderobeanlegget. Under mellombygget blir det også passasje mellom internatet og undervisningsbygget.
Artikkelen held fram under biletet

Vidare er kjøkenet flytta og oppgradert, dette står no ferdig.
– Denne ser bra ut, seier kokk Jari Sander medan han tek ei diger form lasagne ut av omnen når Porten.no er innom på omvising.
I tillegg blir matsalen bygd om og utvida. Dessutan er eit større renoveringsarbeid på det som ei gong var prestebustad ferdigstilt. Denne bygningen eig fylkeskommunen, og husar no hyblar og ein privat barnehage.
Artikkelen held fram under biletet

– Finansieringa er gjort av eit spleiselag derav kommunen og staten har gått inn med fem millionar kroner kvar, og fylkeskommunen tjue millionar – totalt tretti millionar kroner , fortel Fritsvold.
Heilt avgjerande renovering
Kor vidt dette vedlikehaldsarbeidet skulle bli ein realitet, var eit vera eller ikkje-vera for Sogn Jord- og Hagebruksskule. Skulen har vore under press i ei årrekkje.
– Eigentleg dei siste tjue-tretti åra, seier Fritsvold.
I 2014 skjedde det mykje; på starten av året var nedleggingsspøkjelset meir prekært enn nokon gong. Mot slutten av året var skulen langt på veg berga.
– Det gjekk så langt at om skulen skulle halda fram, måtte dette vedlikehaldsarbeidet gjennomførast, elles ville ikkje skulen tilfredsstilla gjeldande krav, seier Fritsvold.
Men finansieringspakka kom i orden i ellevte time. Og no, dryge to år etter, nærmar bygginga seg ferdigstilling.
– Når skuleåret startar oppatt i august skal alt vera ferdig, seier Fritsvold.
Les også: Skal laga sin eigen festmiddag til 100-årsjubileumet
Skryt av alle partar
Sogn Jord- og Hagebruksskule har ein kapasitet på 52 elevar og sysselset 28 årsverk. Om eit drygt halvår vil elevane og dei tilsette koma til eit flott, nyrenovert skulebygg.
– Ja, det må me satsa på, seier Fritsvold.
Ho er svært nøgd med framdrifta i byggjearbeidet.
– Det har vore veldig flott å sjå korleis alle aktørar jobbar løysingsorientert. All ros til arkitekt og entreprenør som heile vegen ser løysingar utifrå det bygningsmessige utgangspunktet.