TØFFING: Hannu Patronen spelte sin siste kamp i sogndaltrøya i gårsdagens kamp mot Aalesund.
TØFFING: Hannu Patronen spelte sin siste kamp i sogndaltrøya i gårsdagens kamp mot Aalesund.

Jarnfinnen forlet Sogndal: – Ein spelar som går gjennom elden

Hannu Patronen (32) har spelt sin siste kamp for Sogndal.

Sogndal: Kompromisslaus og utan fullstendig blotta for frykt, det er slik vi vil hugse han. Når sesongen startar til neste år blir det utan ein viss finne i lagoppstillinga, men lukta av dei svidde taklingane vil henge i lufta ei god stund enno.

– Eg har alltid gjort mitt beste og gitt alt. Det håpar eg folk har sett pris på, seier Patronen etter å ha gått av bana for siste gong på Fosshaugane mot Aalesund i gårsdagens serieavslutning.

Les også: Her tek legenda eit rørande farvel med Fosshaugane
Les også: Trist tap for Sogndal i serieavslutninga

– Ein skikkeleg finsk krigar

FULL AV LOVORD: Eirik Bakke skulle helst sett at Hannu Patronen blei verande i klubben.
FULL AV LOVORD: Eirik Bakke skulle helst sett at Hannu Patronen blei verande i klubben.

Hannu Patronen skal ha mykje av æra for at Sogndal vart eitt av dei seks gjerrigaste laga i returen til eliteserien. Trenar Eirik Bakke seier han vil sakne bautaen der bakarst. 

– Han er ein spelar som går gjennom elden. Det er ikkje nøye om han er frisk eller skada, Hannu spelar uansett, seier Bakke.

– Han har gått foran med profesjonalitet sidan han kom til klubben. Det er ein skikkeleg finsk krigar som reiser frå Sogndal med eit flott ettermæle. Me kjem til å sakne han, seier Bakke.

Held fram karriera i heimlandet

Heile fire spelarar tok farvel med Fosshaugane i går. Hannu Patronen, Rune Bolseth, Mahatma Otoo og Ruben Holsæter fekk alle speletid i avskjeden, men ingen av dei greidde å hindre eit surt 2-4 tap.

– Det vart ikkje slik vi hadde tenkt, men slik er fotballen. Aalesund var effektive og då vart det vanskeleg. Dei har utvikla seg mykje sidan sist vi møtte dei. Vi fortente ikkje å vinne, slik var det berre, seier Patronen.

I slutten av månaden tek han med seg flyttelasset til heimlandet. Der skal han ta fatt på ein ny epoke i karriera med spel for hovudstadslaget HJK Helsinki.

– Det er tungt å seie farvel til klubben. Det har vore fem fine år og fansen har fantastiske. Dei åra eg har vore her har gitt meg mykje, men no er eg klar til å gå vidare, seier Patronen.

Til toppen