TENKJER NYTT: Jatak ønskjer å bygga mest mogleg av huset ditt på fabrikken, for så å setta det saman på byggjeplassen. Eigarane Odd Tufte og Johnny Tverberg står mellom husa i Lærdal dei reiste på ei veke for å testa ut nye byggemetodar.
TENKJER NYTT: Jatak ønskjer å bygga mest mogleg av huset ditt på fabrikken, for så å setta det saman på byggjeplassen. Eigarane Odd Tufte og Johnny Tverberg står mellom husa i Lærdal dei reiste på ei veke for å testa ut nye byggemetodar. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Jatak-duoen satsar høgt på tempo – sette opp to hus på ei veke i Lærdal

– No har me beviset på at det fungerer.

Lærdal: På Lærdalsøyri har to firemannsbustader kome opp i rekordfart. På under ei veke er bygga reist og tetta, og snekkarane har starta jobben innvendig.

Forbipasserande fortel at dei har opplevd å ta ein svipptur innom butikken, for så å oppdaga at ein ny vegg er på plass når dei kjem forbi att med handleposane.

– Meininga var å verkeleg testa ut kor fort og kostnadseffektiv me kan gjera det, seier Odd Tufte, som saman med Johnny Tverberg eig Jatak på Kaupanger.

Starta nytt selskap for høvet

PÅ 1-2-3: Det står enno att litt arbeid på utsida, men husa er tette og klare for å bli ferdigstilte inne. Foto: Halvor Farsund Storvik

Jatak har ambisjonar om å bli den største leverandøren i Norge av element til byggebransjen. Det betyr at det ikkje er ein del av planen å setta opp hus sjølve.

Difor oppretta dei for høvet eit nytt selskap saman med eigaren av tomta. 

Men målet med prosjektet er uansett å reindyrka teknologien og filosofien bak selskapet dei starta i 1984.

– Skal me bli betre, så er det lurt at me sjølve prøver oss på slike prosjekt som dette her, seier Tverberg. 

– Her har me fått bestemma alt sjølv, utifrå kva me meiner er dei mest rasjonelle byggemetodane, seier Tufte.

Han fortel at dei har solgt seks av åtte leiligheiter, og det utan å ha annonsert for dei.

NYVINNING: Konstruksjonen du ser i taket, det såkalla hulldekket, er eitt av eksempla på smarte løysingar som verksemda framhevar og som dei sjølve har utvikla. Mellom anna toler den fritt spenn, slik at bereveggar blir overflødige. Foto: Halvor Farsund Storvik

– No har me beviset på at det fungerer

Delane til husa i Lærdal har blitt produserte på den nye elementfabrikken til Jatak på Kaupanger. 

Krontanken til selskapet er å flytta mest mogleg av husbygginga innandørs, slik at det berre er å heisa dei ferdige bitane på plass ute på byggjeplassen. Det sparar tid og pengar, og snekkaren for ein heil del slit.

– På fabrikken brukar me til dømes vakumløftarar når me skal montera vindu. Me har CNC-styrte maskiner, som kappar alle komponentane etter datateikningane til konstruktørane, seier Tufte.

Det står att ein del arbeid før det er innflyttingsklart i september. Men å setta opp huset og få det tett tok under ei veke. Vanlegvis ville ein slik jobb tatt over ein månad, kanskje halvannan. At det meste er laga på fabrikken gjer òg at det ikkje er nødvendig å venta på at huset skal tørka før snekkarane går i gang med å innreia det.

No håpar Jatak-eigarane å bruka husa i Lærdal som eksempel når dei skal selja lego-filosofien til andre.

– No kan me føreslå det, for no har me beviset på at det fungerer, seier Tufte.

Til toppen