Kaupanger: Jatak på Kaupanger er den leiande takstolprodusenten i Norge. No byggjer dei to nye fabrikkar på industrifeltet for å bli størst òg på ferdige element til hus, hytter og næringsbygg.
I fjor passerte dei 100 millionar i omsetning. Målet er å passere 150 millionar seinast innan 2022.
– Vi har vel auka omsetninga med femti prosent på tre år og blitt sikkert femten fleire tilsette i den same perioden. Vi har ambisiøse mål vidare òg, det er difor vi bygger to nye fabrikkar, seier dagleg leiar Anders Bjærke.
Les også: Gav Norges Bank-toppane omvising på fabrikken

Elementbygging er i vinden
Spesielt elementfabrikken dei byggjer er ein viktig del av strategien. Det er legotankegangen som gjeld. Tak, veggar og golv kjem som ferdige byggjeklossar: element som er skreddarsydde til kvart enkelt prosjekt.
Trua er stor på at potensialet finst. I Norge blir tjue prosent av bygga sett opp med element. I Sverige er talet åtti prosent.
– Den trenden er definitivt på veg hit, det merkar vi. Vi ser at det er veldig stor etterspørsel etter folk som vil byggje og få bygga tett raskare, seier Bjærke.
Leverer heile byggjesettet
Frå å konsentrere seg om takstolane ønskjer Jatak på Kaupanger altså no å bli ein totalleverandør. Det hjelper dei å erobre nye marknader, samstundes som kundane får det lettare.
– Dei likar godt å ha èin leverandør å forhalda seg til. Jo meir vi kan tilby av den bærande konstruksjonen, jo betre, seier produktuviklar Johnny Tverberg, som saman med Odd Tufte starta forgjengaren til Jatak i 1987.
– Når du shoppar rundt om kring, så er det ingen som passar på at alt passar saman. Då må du bruke massevis av tid til å tilpasse etterpå, tilføyer dagleg leiar Bjærke.
Sparar mykje tid for kundane
Det handlar altså om å finne løysingar som gjer at det går raskt unna på byggjeplassen. Bjørkahagen-prosjektet som er under ferdigstilling på Kaupanger er eit godt eksempel.
– Frå vi starta å reisa elementa til det var tett tak gjekk det to og ei halv veke. Og det er eit bygg på tjueto leligheiter over to etasjar, med ein butikk i første. Og så slepp du uttørking og mykje etterarbeid. Det er snakk om ei enorm tidssparing, seier Tverberg.
– Det som er krevjande er å få kunden med på det første prosjektet. Å få dei til å tørre å ta steget og prøve prosjektet saman med oss. Når dei først har gjort det, så er dei frelste, seier Bjærke.