Javier på flyttefot, luksusturisme og provosert avdelingsleiar. Fekk du med deg desse sakene?
(Foto: Arkiv)

Javier på flyttefot, luksusturisme og provosert avdelingsleiar. Fekk du med deg desse sakene?

Porten.no har samla dei fem mest leste sakene frå den siste veka.

Sogn: Har du ikkje fått med deg alt av nyheiter den siste veka? Fortvil ikkje, her får du kort oppsummert dei fem best leste sakene på Porten.no den siste tida.

Javier (29) flytta over heile kontinentet for å arbeide med algar i Årdal

Spanjolen reiste 4000 kilometer til kalde og mørke Årdal for å jobba med algar. Når Porten.no møter han, er han nett ferdig med arbeidsdagen på Fjordalg sitt kontor hos Sitep i Årdal. Utanfor vindauget har ettermiddagsmørket lagt seg over bygda, og vinteren nærmar seg.

– Eg var usikker på valet. Årdal virka veldig øde. Forskjellen er stor frå sør-Spania, seier han og ler. 

Les heile saka her

I MIKROSKOPET: Javier Giraldo studerer mikroalgar i mikroskopet. Foto: Synne Asheim Haga

Slik skal luksusturistane lokkast til Sogn

Carl André Riiber og Amazing Fjords håpar reklamevideo skal vise utlandet at Sognefjorden framleis er verdt å besøke. Videoen er filma i Nærøyfjorden, på breen i Luster og småklipp frå heile regionen. 

– Koronaen gjer det ekstra viktig å gje eit signal om at me er her, og er klare for å ta turismen tilbake når verda er klar for det, seier han. 

Les heile saka og sjå videoen her

FRÅ VENSTRE: Jannet Aksnes, Carl André Riiber og Benedicte Elisabeth Stedje. Aksnes og Stedje er dei to faste tilsette i Flåm/Aurland. Foto: Arkiv

 

Tyskarane var på veg heim frå ferie då dei bestemde seg for å prøva bygdelivet

– Vi var på ferie i Ikjefjord i 2014 og på veg heim att til Tyskland bestemte vi oss for at vi skulle flytte hit og prøve livet her, seier Kathrin Hielscher (42). 

Saman med mannen Steffen (40) og sonen Kevin flytta ho til bygda Ikjefjord på Høyanger sørside i november 2014. Ifølgje paret har den største overgangen frå Tyskland til Ikjefjord vore å skru ned tempoet i kvardagen. No er det akkurat dét dei set mest pris på med å bu i grenda. 

Les heile saka her

UTSIKT: Steffen og Kathrin Hielscher ser fram til å vakne opp til denne utsikta kvar dag når dei får opp det første huset i det nye byggjefeltet i Ikjefjord. Foto: Vilde Grimelid Oppedal

Dette synet møtte dei tilsette etter haustryddinga: – Provoserande

På eit kommunestyremøte i oktober varsla dagleg leiar i Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap (NGIR), Bjørn Berg, at dei vil ha slutt på vår- og haustryddingane i Gulen.  

– På enkelte stopp er det provoserande å sjå korleis folk behandlar dei som skal plukke opp søppelet. Me har bedt om at folk sorterer. Men det er ikkje alle som tar det til følgje, seier avdelingsleiar for transport i NGIR, Karl Andrè Dale.

Les heile saka her.

SEIER FRÅ: Avdelingsleiar for transport i NGIR, Karl André Dale, blir provosert av oppførselen til nokre av dei som leverer avfall til stasjonane deira. Foto: Arkiv

Falleferdig hus til sals for 4,5 millionar

I Sogndal må du no ut med millionsummar, sjølv for rivingsmodne rønner. For tida er det eit over hundre år gamalt bustadhus på Stedje ute for sal. Store oppgraderingar må til for at nokon kan bu der. 

– Det kan tyda på at det er for lite leiligheiter i sentrum. Difor er det slikt press, seier Olav Skjeldestad i Meklarhuset Sogn.

Les heile saka og sjå fleire bileter av huset her

DYR RØNNE: Huset på Stedje har sett sine betre dagar. Prisantydninga er det derimot ikkje noko å seia på. Foto: Arkiv
Til toppen