25 år: NORCD feirar 25 år. Det vert grundig feira denne helga når Jazz- og Folkemusikk-Noreg samlast på Sentralen i Oslo for å hylle plateselskapet. Karl Seglem etablerte selskapet i 1991. Foto: Andreas Ulvo.
25 år: NORCD feirar 25 år. Det vert grundig feira denne helga når Jazz- og Folkemusikk-Noreg samlast på Sentralen i Oslo for å hylle plateselskapet. Karl Seglem etablerte selskapet i 1991. Foto: Andreas Ulvo.

Jazz-Noreg skal hylle Seglems plateselskap

NORCD feirar 25 år. Det vert grundig feira denne helga når Jazz- og Folkemusikk-Noreg samlast på Sentralen i Oslo for å hylle plateselskapet. 

Oslo/Årdal: NORCD byr på heile 20 konsertar fredag og laurdag komande helg, der artistar frå nesten heile landet skal entre scena i det som vert ein akustisk og intim setting utan bruk av lydanlegg.

 tillegg byr NORCD-jubileumet på brei underhaldning med alt frå barne- og familiekonsert, utstilling til poesi-opplesing og filmvising. Det blir også mogleg å sette seg i ein sofa og nyte vin&vinyl.

Det vert framsyningar frå artistar som Eplemøya Songlag, Christian Wallumrød, Håkon Høgemo og mange fleire. I tillegg vert det CD- og vinylsal frå den store NORCD-katalogen, og det vert feira at Isglem, Picidae, Glima, Håkon Storm, Dag-Filip Roaldsnes og Oslo14 Vokalensemble er aktuelle med nye album.

– Endelig er det tid for vår storslåtte jubileumsfeiring. Dette har me gleda oss til og jobba med lenge! Publikum vil få høyre heilt nytt materiale frå fleire av våre artistar, og me kan by på nokre fantastiske konsertopplevingar frå nokon av landet sine fremste musikarar, seier mannen bak NORCD, Karl Seglem. 

Får ros frå jazz-ekspert

I 1991 starta årdølen selskapet. Sidan då har dei over 180 utgivingar på samvitet, og i helga vil publikum få ei unik moglegheit til å få eit innblikk i deira musikalske univers. 

I ein musikkbransje i stadig endring har plateselskapet til Karl Seglem stått støtt og hatt ein klar stabil auke i talet på albumutgivingar. Musikkmeldar og jazz-ekspert Terje Mosnes meiner det seier mykje om plateselskapet sin moral. 

– Dette er NORCD sitt uredde svar på den såkalla «krisa i platebransjen». I staden for å liggje i fosterstilling har dei valt å gjere stikk motsett – auke produksjonen. Dei har tillit til at gode album til sjuande og sist alltid vil finne sine kjøparar i både inn- og utland, seier han. 

– Me håpar å halde fram med å kunne levere utgivingar av høgaste kvalitet i åra som kjem. Me vil stolt halde fram med å vere ein unik aktør og vital leverandør av norsk musikk som både inspirerer og rører folk, avsluttar Seglem. 

Til toppen