JAZZA DET OPP: Denne gjengen gjorde gudsteneste i Tønjum kyrkje litt meir spesiell med jazzmusikk. Foto: Jan Christian Jerving.
JAZZA DET OPP: Denne gjengen gjorde gudsteneste i Tønjum kyrkje litt meir spesiell med jazzmusikk. Foto: Jan Christian Jerving.

Jazza opp gudstenesta i Tønjum kyrkje

Prosten i Indre Sogn Kjetil Netland var veldig nøgd med jazzgudstenesta søndag.

Søndag var det ei heilt spesiell gudsteneste i Tønjum kyrkje. Denne søndagen vart nemleg gudstenesta sprika opp med jazz-musikk.

– Dette skal vera ei annleis og musikalsk gudsteneste, innleia Netland.

Og annleis vart det. Komponert av Sondre Ferstad og Runar Netland vart dette ei veldig spesiell jazzgudsteneste med eit stortbilete, organiske instrument, spennande harmoniar og vakre melodiar.

– Prosjektet starta allereie i haust, og dette skulle vera ei prøvehelg, fortel Runar Netland, som sat bak slagverket.

Saman med dei fem venene sine kom dei frå ei liknande gudsteneste i Bergen laurdag kveld. Dette var fjerde gongen dei opptrer og den første gongen i ei kyrkje i Sogn og Fjordane.

Artikkelen held fram under biletet.

FLINKE: Dei flinke musikarane og lydmann var Sondre Feratd, Martin Johannessen, Martin Ulltang, Ester Lorentzen, Håkon Auli og Runar Netland.
FLINKE: Dei flinke musikarane og lydmann var Sondre Feratd, Martin Johannessen, Martin Ulltang, Ester Lorentzen, Håkon Auli og Runar Netland.

Liturgien var bytta ut med instrumentalmusikk.

– Det er litt meir lyttande musikk, seier Runar Netland. Musikken var komponert ut frå og med tanke på bibeltekstar slik at teksten skulle verta forsterka.

For familien Netland var det kjekt og koma tilbake til Lærdal og Tønjum kyrkje. No prostProst Kjetil Netland var sokneprest  i Lærdal i elleve år og hadde Tønjum kyrkje som næraste nabo.

– Eg vart døypt her i kyrkja og har krabba mykje på golvet her, seier Runar, som likte seg godt her i Lærdal.

Og det var andre unge som også likte seg godt denne søndag ettermiddagen.

– Den store gitaren, var ein av kommentarane frå ein unge, som peika og såg på den store kontrabassen til Martin Ulltang som stod framme ved alterringen.

Saman med om lag 50 andre tilhøyrarar var han veldig nøgd med gudsteneste, sjølv om ho var litt av det utradisjonelle slaget.

Til toppen