SET SINNA I KOK: To personbilar og ein tankbil står utanfor den gamle Steggjetunnelen i Øvre Årdal. Det har fått den kjende jazzmusikaren Karl Seglem til å tenna på alle pluggane.
SET SINNA I KOK: To personbilar og ein tankbil står utanfor den gamle Steggjetunnelen i Øvre Årdal. Det har fått den kjende jazzmusikaren Karl Seglem til å tenna på alle pluggane. (Foto: Privat)

Jazzmusikaren reagerer på bilvrak nær turområde: – Hårreisande

Karl Seglem meiner Årdal kommune må ta større ansvar for å rydda opp i bilvrak og skrot som står rundt om.

Årdal: – Eg tykkjer det er hårreisande, seier Karl Seglem.

Den kjende jazzmusikaren er oppgitt over at to gamle bilvrak og ein tankbil har fått lov til å stå ved utgangen til gamle Steggjetunnelen i Øvre Årdal, ikkje langt frå populære turområde. I eit innlegg på Facebook oppmodar han folk om å legga press på kommunen, slik at det blir rydda opp i.

TANKBIL: Denne svære tankbilen er eitt av køyretøya som står i Øvre Årdal. Foto: Privat

– Andre kommunar har blitt veldig strenge med kvar du kan plassera vrak rundt omkring. Sånne løysingar kan me ikkje akseptera, seier Seglem til Porten.no.

Les òg: Skrot set nok ein gong sinna i kok i Seimsdalen – grunneigar legg seg flat

Krev at kommunen grip inn

Han har merka seg at dette ikkje er det einaste tilfellet av forsøpling i kommunen. I kommentarfeltet har fleire peika på liknande rot i Bukti i Øvre Årdal og ved aldersheimen i Seimsdalen.

– At kommunen berre står tafatt og let det skje, det synst eg er trist, seier Seglem.

Musikaren ønskjer ikkje noko uthenging av personen som er ansvarleg for vraka, han meiner det er opp til kommunen å setta foten ned.

– Kommunen må gripa inn, og seia at dei ikkje godtek dette her, seier Seglem.

Svein Ove Åmås i Årdal Tenk Tryggleik seier området bilane står på er eigd av Statens vegvesen, men at sjølve vraka tilhøyrer ein privatperson.

– Me skal ha dialog med Statens vegvesen, for å høyra kva dei har tenkt å gjera. Me har prøvd før, men me får prøva igjen, seier han.

ENGASJEMENT: Mange har delt og kommentert innlegget sidan det vart lagt ut måndag morgon. Foto: Skjermdump frå Facebook

Dette seier lovverket:

Ifølgje forureiningslova er det ikkje lov å etterlata, oppbevara eller transportera avfall slik at det kan verka skjemmande eller vera til skade eller ulempe for miljøet.

Dette gjeld òg avfall som ikkje utgjer fare for ureining, men som av estetiske grunnar påverkar omgjevnadane. Regelen gjeld uansett om forsøplinga skjer på din eigen eller andre sin eigedom.

– Vilkåret er at at avfallet kan «verka skjemmande eller vera til skade eller ulempe for miljøet». Om avfallet verkar skjemmande må avgjerast i kvart enkelt tilfelle, står det på miljokommune.no, ei nettside eigd av Miljødirektoratet.

Åmås: – Viktig å koma i dialog

Kvar kommune har ansvar for å følga opp forsøplingssaker. Dei har mynde til å pålegga opprydding, og i ytste konsekvens trua med dagbøter. Dei kan òg rydda opp sjølve, og kreva at den ansvarlege tek rekninga, om det går så langt.

Åmås kan ikkje svara på om kommunen har vore flinke nok til å nytta seg av verkemidla dei har til å tvinga fram ei løysing. Men han seier dei gjer så godt dei kan.

– Det som er viktig er at me prøver å koma i dialog med dei det gjeld. Så er det ein definisjon kva som er forsøpling òg. Det er ikkje så lett det heller. Me jobbar med det, seier han.

Til toppen