JAKTKLAR: Jasmin Eminovic (37) elskar å jakta og driv med det året rundt. I desse dagar førebur han seg på villreinjakta som startar torsdag denne veka. Foto: Siren B. Svortevik.
JAKTKLAR: Jasmin Eminovic (37) elskar å jakta og driv med det året rundt. I desse dagar førebur han seg på villreinjakta som startar torsdag denne veka. Foto: Siren B. Svortevik.

Jeger med sommarfuglar i magen

– For meg er det å driva med jakt ein svært viktig del av livet,  og eg er på utruleg mange jakturar i løpet av eit år, seier han.

Torsdag startar reinsjakta, og årdølen Jasmin Eminovic (37) er ein av dei mange forventingsfulle jegerane som gledar seg stort til jaktsesongen.

Han har selskap av mange med same interesse. Reinsjakta startar 20. august, hjortejakta 1. september,  og i vårt lokale område byrjar elgjakta 10. september. Også rypejakt kan ein ta til med 10. september. Jasmin jaktar året rundt.

– Eg er blant dei som driv med alle desse formene for jakt. Og kan eg ikkje jakta her, reiser eg til ulike stader i Europa, året rundt, der eg i løpet av åra har opparbeidd meg ein fin krets som har same interesser.

I ein del andre land kan ein blant anna skyta på rådyr, villsvin og gemse.

– Nyleg var eg til dømes i Alpane med to vener, der eg skaut to gemser.  

Og dette er berre eit døme. Jasmin har ikkje tal på kor mange ulike dyr han felt i løpet av livet sitt.

Var med på jakturar som liten gut 

Jasmin kom frå Bosnia til Noreg i 1993 og var då 16 år gamal. Han vart norsk statsborgar sju år etter, og tok den norske jegerprøven då.

– Eg kan vel seia at eg har drive med jakt sidan eg kunne gå. Eg var med på mange jaktturar med onkel, bestefar og far då dei dreiv med dette, såleis kan ein seia at eg har fått det både i blodet og oppvekstmiljøet.  

Artikkelen held fram under biletet.

ÅRET RUNDT: Jasmin jaktar året rundt og var nyleg i Alpane der han skaut to gemser.
ÅRET RUNDT: Jasmin jaktar året rundt og var nyleg i Alpane der han skaut to gemser.

Og interessa har aldri dabba av. Tvert om. 

– Eg elskar rett og slett å driva med dette. Året rundt. Og det ligg så mykje trim i det, at eg trenar aldri elles. Denne hobbyen min gjer meg meir opplagd i kvardagen, det gjer meg rett og slett godt. Og det gjer familien min godt òg, når dei ser at eg blir «ein betre familiemann» ut av dette, flirer han. 

Krevst mykje planlegging

Det finst sjølvsagt mange ulike typar jegerar, og ulike måtar å jakta på. Men Jasmin er ikkje den som vel den lettaste vegen. 

– Slike som har skikkeleg jaktfeber, meg sjølv inkludert, planlegg i god tid. Det byggjer seg opp forventningar i kroppen etterkvart som datoane nærmar seg, smiler han.

Han forklarar at planlegginga i føretid gjeld alt frå å laga eigne skot, til testing og lading.  

– Ein må i god tid finna ut av ruter ein skal gå i fjellet, med tanke på korleis me kan bera slaktet ned att. Me må ofte gå i timevis for å få kjøtet ned att i bygda, og trass alt startar me mange gonger frå null høgdemeter og til 1500 meter over havet. Det krevst mykje organisering og logistikk, særleg når ein er med i et jaktlag.

Vêret må òg sjekkast slik at ein er mest mogleg førebudd både før, under og etter jakta.  Blir det kaldt, regn, snø, varmt, sol eller vind? Kva klede og kor mykje mat må ein ha med? 

Artikkelen held fram under biletet.

PLANLEGGING: Å jakta krever mykje planlegging fortel Jasmin, som ikkje overlet noko til tilfeldigheitene når han skal på jakt.
PLANLEGGING: Å jakta krever mykje planlegging fortel Jasmin, som ikkje overlet noko til tilfeldigheitene når han skal på jakt.

– Jakt er så mykje meir enn berre å skyta

– Eg går ikkje på jakt for å samla trofear. Det er så mykja anna. Berre det å vera ute i naturen, få trimma godt saman med gode jaktkameratar, gjer jaktturane sosiale og trivelege. Gjennom denne interessa har eg fått meg eit stort nettverk i alle aldrar, då det kan variera kven eg jaktar med av og til.

Jaktlaget han er mest med er «Jaktlaget på Løst». Denne gjengen består elles av Erling Eggum, Jan Egil Fimreite, Ulrik Ibsen, Espen Solheim, Odd Hagen, Svend Arne Vee og Åsgeir Størdal.

Jasmin er også mykje med «Jaktlaget på Vee», eit enormt område frå Holsbru til Geithus. 

Artikkelen held fram under biletet.

MEIR ENN JAKT: Å vera ein jeger handlar om meir enn å berre skyta dyret. Ein får mykje god trening, og det er svært sosialt, meiner Jasmin.
MEIR ENN JAKT: Å vera ein jeger handlar om meir enn å berre skyta dyret. Ein får mykje god trening, og det er svært sosialt, meiner Jasmin.

Jegeren har ei viktig rolle i vår tid også

37-åringen meiner at jegerar i det moderne liv har ei viktig rolle i høve overskot av dyr i skog og fjell som øydeleggjer beitet for dei som driv med landbruk. Predatorar er ganske få i naturen og jegerar er naudsynte for å halde bestanden nede på eit nivå som er berekraftig.

Den erfarne jegeren seier at ein del av spenninga er at dei heile tida må prøva seg mot elementa i naturen. Ein veit aldri korleis det går, då det er mange perspektiv å halda seg til. 

– Jegerane er på dyra si heimebane, og dyra er fullstendig overlegne oss menneske. Dyra har lurt oss fleire gonger, ler han.

Blitt ekspert på å laga mat

Ei anna viktig årsak til at Jasmin driv så mykje med jakt, er rett og slett matauk. 

– Det er også ein viktig funksjon, å hausta av overskotet. Eg foredlar det meste av dyret til matauk og må rett og slett berre innrømma at eg etterkvart har blitt ein liten ekspert på å laga delikatesser ut av kjøtet og fisken eg har henta ned. Spekemat, heimelaga pølser og andre spennande rettar er populært når eg lagar det heime. Og ein finn ikkje sunnare kjøt.

– Det er kjempegodt! Det er heilt topp at han gjer dette med jakt og matlaging, høyrer ein frå ungane Selma, Alma og sambuar Merete i bakgrunnen når Porten.no er innom heimen deira.

Sambuar har trudd dei har vunne i Lotto fleire gonger

Merete legg til at Jasmin uansett er i sitt ess når han får driva med dette.

– For å gi eit døme, for ei veka sidan kom han heim i fyr og flamme, han tok heilt av, eg var sikker på me hadde vunne stort i Lotto. Men nei då, det var berre at han hadde sett ein flokk villreinsdyr. Slik er det støtt, så det må eg berre leva med, seier ho med eit skuldertrekk og eit skøyaraktig blink med eine auga.

Både Jasmin og sambuar Merete Moen er i tillegg einige om at det er flott at dei har kvar sine ulike hobbyar, og trivst med ikkje å vera eit par som ikkje er med kvarandre døgeret rundt.

– Me blir ikkje akkurat lei kvarandre, for å seie det slik, og det er jo bra, ler dei.

Oppmodar fleire til å ta til med jakt

Jasmin vil til slutt oppmoda fleire unge til å starta med jakt, og at vaksne jegerar må ta litt ansvar der.

– No er det stort sett godt vaksne som driv med dette, så me treng rekruttering. Eg anar ikkje om det er fordi ungdom er late, eller ikkje interesserte, men uansett vil det beste vera om jegerar tek med seg både ungar og ungdomar slik at dei får oppleva atmosfære. Kanskje dei blir bitne av jegerfeber dei òg, smiler Jasmin.

Villreinsjakt, det mest norske av all jakt

Men først ut er det no altså villreinjakt. Og akkurat i denne type jakt er det spesielt i ferd med å forgubba seg blant jegerar.

– Villrein er faktiske noko av det mest norske av all jakt. Forfedrane i Noreg levde i mange år av å jakta på villrein, medan dei tok i vare på tamrein.

Artikkelen held fram under biletet.

URNORSK: Å jakta på villrein er noko av det mest norske ein kan driva med innan jakt, meiner Jasmin. Torsdag startar jakta på villreinen.
URNORSK: Å jakta på villrein er noko av det mest norske ein kan driva med innan jakt, meiner Jasmin. Torsdag startar jakta på villreinen.

– Kva type jakt likar du best då, Jasmin?

– Det er rett og slett smygjakt på hjort. Då kosar eg meg åleine i timevis.

Jasmin vil gjerne avslutta med orda avdøde journalist og årdøl Erling Lægreid både skreiv i  Dagbladet og ikkje minst sa, då han var med jaktlaget på Løst:

«Det finst to typar jegerar. Dei som møtest for å dyrka sin maskuline ømheit. Og dei som prøver å sjå kven som pissar lengst».

Til toppen