UNGDOMMENS RESSURSGRUPPE: Camilla Haveland (f.v.), Ive van Oorschot, Jenny Hatlelid Holsæter, Oddbjørn Litlabø og Rakel Sørhaug gler seg til å jobbe med UKM heile året. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
UNGDOMMENS RESSURSGRUPPE: Camilla Haveland (f.v.), Ive van Oorschot, Jenny Hatlelid Holsæter, Oddbjørn Litlabø og Rakel Sørhaug gler seg til å jobbe med UKM heile året. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Jenny brenn for UKM

No håpar ho mange ungdommar vil melde seg på UKM og vise fram sine talent.

Årdal: Jenny Hatlelid Holsæter frå Årdal er leiar for Ungdommens ressursgruppe (URG) i Sogn og Fjordane og er ein av fem ungdommar som skal vere med å utvikle UKM. 

Dei fem er frå ulike delar av fylket og skal kome med innspel og idear til korleis UKM i Sogn og Fjordane kan bli endå betre. Dei skal vere ungdomsstemmene inn i arbeidet med UKM i både kommunane og i fylkeskommunen.

– Me jobbar med å gjere UKM betre, er med og arrangerer, samt jobbar med det sosiale, der me snakkar med deltakarane, får folk til å melde seg på og generelt vere tilstades på mønstringane, seier Holsæter. 

Lyttar til ungdommen

Eitt av måla til gruppa er å auke deltakartalet på UKM. Dei er i januar og februar i år på besøk til utvalde vidaregåande skular i fylket for å informere og inspirere ungdomar til å delta. URG-representantane skal i tillegg delta på lokalmønstringar i kommunane og evaluere og kome med idear til vegen vidare.

– Det har kome masse ut av arbeidet som er lagt ned allereie. Me får innspel og lyttar til ungdommen, som me igjen tek vidare til dei vaksne i systemet, fortel ho.

Sidan 2016 har årdølen vore leiar i URG. Det er ei oppgåve ho likar godt.

– Eg brenn verkeleg for UKM. Eg synest det er ein fantastisk organisasjon. Det er lærerikt og gøy å jobbe med ungdom og veldig inspirerande å vere med andre ungdommar som likar det same som deg.

– Ei oppleving for livet

UKM-toget startar reisa si rundt desse tider i dei ulike kommunane i fylket og fram til fylkesfestivalen i slutten av mars. Hit kjem det ungdommar frå alle kommunar i Sogn og Fjordane, der 30 av desse vert sendt vidare til landsfestivalen. 

Leiaren i URG håpar mange ungdommar meld seg på.

– Her møter ein ungdommar som gjer det same som deg. Ein får ein unik sjansen til å treffe folk, vise deg fram og stå på scena og opptre. Vert du sendt vidare, får du treffe endå fleire ungdommar og får deg eit nettverk. Det er ei oppleving for livet, seier ho. 

I år skal fylkesfestivalen vere i Høyanger. Her kjem URG til å ha ei sentral rolle, der dei skal ha ansvar for sosiale aktivitetar på kveldstid. Målet deira er å få snakka med alle deltakarane i løpet av festivalen.

Til toppen