NY URG-REPRESENTANT: Jenny Hatlelid Holsæter (16) frå Årdal er Sogn og Fjordanes nye representant i ungdommens ressursgruppe. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
NY URG-REPRESENTANT: Jenny Hatlelid Holsæter (16) frå Årdal er Sogn og Fjordanes nye representant i ungdommens ressursgruppe. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Jenny er fylkets nye URG-representant

Jenny Hatlelid Holsæter (16) frå Årdal representerer Sogn og Fjordane i ungdommens ressursgruppe (URG) dei neste to åra.

Årdal: Ungdommens ressursgruppe er ungdomsgruppa til UKM Norge og er sett saman av ein ungdom frå kvart fylke. Gruppa skal gje dei som jobbar med UKM auka kunnskap om kva 13- 20-åringar er opptekne av, og kva dei ønskjer seg av UKM.

Holsæter har delteke på UKM med både sceneinnslag og utstillingsarbeid. Frå denne hausten er ho elev ved Firda vidaregåande skule.

16-åringen tek over som URG-representant etter Henrik Hovland frå Sogndal. Sistnemnde har i to år lagt ned mykje innsats for UKM både nasjonalt og i Sogn og Fjordane.

Han var mellom anna primus motor for den store fellesmønstringa for Luster, Sogndal og Leikanger i år. 

– Fylkeskommunen takkar Henrik for flott innsats og ønskjer samstundes Jenny lykke til som ny URG-representant, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding. 

Til toppen