BESØKTE ÅRDAL: Han var på vitjing i fjor òg, no kjem partileiar Jonas Gahr Støre på nytt besøk til Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BESØKTE ÅRDAL: Han var på vitjing i fjor òg, no kjem partileiar Jonas Gahr Støre på nytt besøk til Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Jonas Gahr Støre kjem til Årdal for å lufta ut etter ACER-uro

– Det synst eg er slik ein partileiar skal vera, seier Hilmar Høl (Ap), ein av dei som argumenterte heftigast mot den nye kraftavtalen med EU.

Årdal: Leiar i Arbeiderpartiet, Jonas Gahr Støre, kjem til Årdal neste tysdag. Der vil han snakka med lokale tillitsvalde og partimedlemar på eit møte i kulturhuset i Øvre Årdal. Møtet er ope for alle som er interesserte i å koma.

– Det har vore viktig for oss å ta på alvor og lytta til uroa folk føler på rundt den politiske situasjonen i landet vårt og alle spørsmåla me får om den tredje energimarknadspakka til EU, seier Støre i ei pressemelding.

Støre vil møta LO og fagforbunda tidlegare på dagen på LO-senteret i Årdal.

– Me set stor pris på at han vil komma. Det er mange no som treng å sjå at nokon vil komma til distrikta og snakka om det som har skjedd i det siste, seier fylkesleiar Hilmar Høl.

To meiningsmotstandarar møtest

– Dette var noko han lova meg då me behandla saka i landsstyret, at han kunne ta seg ein tur og forklara kva som hadde skjedd, seier Høl.

Hilmar Høl var ein av dei mest høgrøsta kritikarane då debatten om energibyrået til EU og den tredje energimarknadspakka starta å rasa i februar. Partileiar Jonas Gahr Støre, derimot, åtvara kraftig mot konsekvensane av å seia nei.

Høl set difor pris på at Støre kjem til Årdal for å forklare standpunktet han tok, òg til dei lokale tillitsvalde og medlemmar i partiet som har vore skeptiske:

– Det synst eg er slik ein partileiar skal vera, seier Høl, som framleis meiner saka burde vore utsett slik LO ba om. Samstundes tykkjer han dei åtte krava Ap har fått med i avtalen er rimeleg tydelege.

– Avtalen skal ikkje gå ut over råderetten over norsk kraft, ikkje minst seier me nei til å legga fleire private sjøkablar ut av landet, før me har sett korleis det går med dei to som no er under bygging. Det har vore uroa til den kraftforedlande industrien, at når det går for mange kablar ut, så blir straumen dyrare her heime, seier Høl.

Til toppen