Jens-Henrik skaut seg til topps under Vintertreffen

Hegg-familien gjorde det sterkt under trippelstemnet i miniatyrskyting denne helga. Også skyttarar frå Sogndal, Leikanger og Årdal kom høgt på resultatlistene i nokore av klassane.

Lærdal/Sogndal/Leikanger: – Han var godt nøgd. Før siste stemnet byrja han å rekna saman kva han måtte ha for å vinna samanlagt. Det er eigentleg litt feil å byrja å rekna på det slik, men han klarde det, seier pappa Olav Tiemann Hegg om sonen Jens-Henrik.

Vintertreffen er ei trippelstemne i miniatyrskyting, der Fjordane, Nesse og Vadheim skyttarlag er arrangørar. Jens-Henrik Hegg frå Hegg skyttarlag i Lærdal vann klasse eldre rekrutt 13-15 år samanlagt.

Høgaste poengsummen

Det siste stemnet i Vadheim vann han med 349 poeng, medan det vart ein 2. plass under stemnet i regi av Fjordane med 348 poeng. Like mange poeng vart det på Nesse, men der måtte den talentfulle borgynden ta til takke med ein 3. plass.

Uansett heldt det altså til samanlagtsiger med totalt 1045 poeng, eitt poeng framfor Erik Tobias Sletteland frå Dale.

1045 poeng var også den høgaste poemngsummen under heile trippelstemnet, men dei eldre skyttarane har noko meir utfordrande konkurranseformer.

– Til og med eldre rekrutt skyt ein berre liggjande, og når ein kjem opp på junior må ein opp i kneståande. I eldre klassar er det også ståande, forklarar Olav-Tiemann.

Les også: Heidra tre noregsmeistrar

Artikkelen held fram under biletet

HEIDRA: Jens-Henrik Hegg (t.v.) vart heidra for gode resultat i skyting under siste kommunestyret før jul. Her saman med boksetalentet Thomas Langeland, ordførar Jan Geir Solheim og rådmann Alf Olsen jr. Arkivfoto
HEIDRA: Jens-Henrik Hegg (t.v.) vart heidra for gode resultat i skyting under siste kommunestyret før jul. Her saman med boksetalentet Thomas Langeland, ordførar Jan Geir Solheim og rådmann Alf Olsen jr. Arkivfoto

Sara-Sofie Hegg vann sin klasse i eitt stemne

Også dottera hans, Sara-Sofie Hegg, gjorde det sterkt i helga - ho vann stemnet i Fjordane i klasse Rekrutt 11-13 år. I dei to andre stemna hamna ho litt lengre nede på resultatlistene, men det heldt likevel til ein 3. plass samanlagt og beste jente i klassen.

– Ho var storveges nøgd med stemnet ho vann. Dei to andre var ho ikkje heilt nøgd med - dei vil jo til topps heile tida. Det er mange ting som spelar inn; ein kan få ein skeiv serie fordi ein har lagt seg ned litt feil. Slikt er ikkje lett for dei aller yngste når det er utfordrande nok for oss vaksne, seier pappa Olav Tiemann.

Han sjølv og kona Marit Johanne var også med - dei hamna begge på øvste del av resultatlista i Klasse 3-5; Olav-Tiemann med 1002 poeng, Marit Johanne med 997 poeng.

– Me var ikkje heilt på toppen, men nøgde begge to. Ein må vera nøgd sjølv om ein ikkje vinn.

Porten.no har tidlegare skrive om eldstesonen, Jon-Hermann Hegg, som også er ein svært treffsikker skyttar.

Les også: Skyttartalentet tok gull i første internasjonale konkurranse

Han går på skule på Kongsvinger og var ikkje med på trippelstemnet. Derimot var han i nabolandet og gjorde det skarpt under Swedish Cup.

– Her var det sportsskyting med luftrifle. Første dagen kom han til finalen i eit felt med åtte finalistar av 86 som var med i juniorklassen. Der vart han nummer seks.

Mange på topp 5 frå Leikanger, Sogndal og Årdal

Tilbake til trippelstemnet; også skyttarar frå Leikanger, Sogndal og Årdal leverte gode resultat. I klasse for dei yngste, "Nybegynnar Ung", tok Sigbjørn Njøs Eikeland og Tore Hamre Nornes frå Leikanger tilhøvesvis 1. plass og 2. plass. Thea Myhre Nornes og Tuva Lærum frå Norum skyttarlag kom jamvel på 4. og 5. plass i denne klassa.

Beate Humlestøl Njøs frå Leikanger kom på 5. plass i klassen rekrutt 11-13 år med 992 poeng.

I klasse junior 16-17 år var det to jenter frå Leikanger som gjorde det skarpt; Trine Humlestøl Njøs skaut seg til 3. plass med 1028 poeng medan Stine Njøs Eikeland kom på 5. plass med 1017 poeng. Mellom dei hamna Vegard Eikevik frå Sogndal på 4. plass med 1025 poeng.

Ludvig Indrebø frå Farnes skyttarlag kom på 3. plass i klassa Veteran V73 med 1036 poeng.

Kjell Nornes frå Norum skyttarlag vann Klasse 1 med 736 poeng.

Line Marie H. Øyrehagen frå Norum skyttarlag vann Klasse 2 med 1013 poeng

Bjarne Sandvik frå Knipenborg skyttarlag kom på 3. plass i klasse Veteran V55 med 1026 poeng medan Arvid Brennset frå Leikanger kom på 5. plass i same klasse med 1020 poeng.

NVE: Meir regnflaum framover

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil det bli mellom 20 og 40 prosent auke i flaumvassføringa i fleire vassdrag dei neste 100 åra.

Til toppen