LÆRDAL: Mange kjente dei to som var i ei bilulukke i Finland forrige veke, og det er vanskeleg for mange.
LÆRDAL: Mange kjente dei to som var i ei bilulukke i Finland forrige veke, og det er vanskeleg for mange.

Jente frå Lærdal omkom i bilulukke i Finland

I dag slapp dei namn på jenta som omkom i ei bilulukke i Finland forrige torsdag.

Lærdal/Finland: I forrige veke køyrde ei mor og dotter av vegen på ferietur i Finland. Mor, som er i 50-åra, vart skada og floge til sjukehuset i Kirkenes. Dotter omkom etter ulukka. 

I dag med løyve frå familien, ga politiet ut namn til den omkomne, som er Amanda Spord Mo frå Lærdal. 

– Me har visst om dette i nokre dagar her i Lærdal. Veldig mange synes det er heilt forferdeleg, seier Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal. 

Mange ramma

Familie og vener er ramma, men òg kommunen, då mora som vart skada i ulukka jobba i kommunen innanfor pleie og omsorg. 

– Det blir snakka godt om det, og dei som treng å snakke om det får det, seier Solheim. 

Resten av familien har reist til Kirkenes og vore der for å støtte. Men i dag blir ho skriven ut av sjukehuset og kjem heim til Lærdal.

– Vi har dialog med familien, og hjelpe dei med det dei måtte trenge, seier Solheim. 

Til toppen