Kaupanger: – Det er femte året me arrangerer dette, og arrangementet har fått godt fotfeste. Til saman 29 jentelag frå heile fylket er i sving her denne helga, seier Åse Neraas, arrangementsansvarleg.
Det er Kaupanger IL i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane som arrangerte «Jentefotballens SSF helg» laurdag og søndag. Laurdag var jenter 15 - 17 år i aksjon, søndag dei yngre klassane.
– Ingen resultat blir ført. Viss to lag ønskjer å spela niar i staden for sjuar får dei det, her istad var det eitt lag som mangla ein spelar, så då lånte dei ein spelar frå eit anna lag. Så det er uformelt; poenget er at dei skal få spela mykje og testa seg.
– Ein del av oppkøyringa til sesongen
For alle laga får spela minst fire kampar, og kvar kamp er 28 minuttar lang.
– Og laga frå Sogn får møta lag frå Nordfjord og Sunnfjord. Tanken er at det skal vera ein del av oppkøyringa til sesongen.
Kaupanger IL arrangerte også «Gutefotballens dag» nyss – det var første gong denne varianten vart arrangert og 14 lag deltok.
– Handlar først og fremst om å ha det kjekt med fotballen
Og for jentene sin del starta det i det små.

– Kjell Ertesvåg brenn for jentefotballen og samla ihop nokre lag. Så har det balla på seg sidan. Og foreldra har vore utruleg lette å spørja; dei stiller opp på kiosksal og anna dugnadsarbeid, seier Neraas.
– Det er vel ikkje heilt tilfeldig at det var akkurat Kaupanger som kom på å starta opp noko slikt for jenter?
– Nei, det kan du nok seia – me vil gjerne vera ein av klubbane som verkeleg er forkjemparar for jentefotball. Det er ei viktig rolle. Så håpar me jo dette kan bidra til at nye talent tek steget opp, men først og fremst handlar det om å ha det kjekt med fotballen.