USLÅELEGE: Denne gjengen har vist seg vanskeleg å ta poeng frå i år. No ventar finalen i kretsmeisterskapet.
USLÅELEGE: Denne gjengen har vist seg vanskeleg å ta poeng frå i år. No ventar finalen i kretsmeisterskapet.

Jentelaget til Lærdal vann alle årets kampar

Onsdag avslutta dei seriesesongen med å slå Aurland-jentene 10-3 på heimebane og feira med pizza og brus etter kamp.

Lærdal: Sju lag frå Indre Sogn har møttest til dyst på heime- og bortebane under sesongen. Sluttfasiten for lærdalsjentene er tolv sigrar av tolv moglege. No skal dei spele fylkesfinalen og kanskje verte kretsmester i Sogn og Fjordane.

– Det er litt stas for oss at vi vinn så mykje som vi gjer, seier kapteinen på Lærdal sitt jentelag i 13- og 14-årsklassen, Anna Hjellum.

Det er dei andre jentene på laget som har valt henne til kaptein, dels fordi ho er ei av få på laget som er 14 år. Under gårsdagens kamp mot Aurland var nokre av jentene yngre enn 13 år, for å få nok spelarar til kampen.

Trening, fotballglede og sosialt samhald i gruppa er nykelfaktorar

Ikkje nok med at lærdalsjentene vinn mot jamnaldrande lag, jentene har også slått Lærdal sitt A-lag med 3-1 i ein treningskamp. Dei har også spela mot Lærdal sitt gutelag på treningar, sist gong tapte dei 2-1 i ei 20-minutts økt.

– Er gutane imponerte over dykk?

– Ja, dei har sagt at dei er det, men so likar dei gjerne å minne om at dei er betre enn oss. Det skulle berre mangle, dei er trass alt gutar, seier ho.

Oppskrifta på suksessen verkar å vere heller enkel.

– Vi trenar mykje. Og vi er iherdige og jobbar fram og tilbake i kampane. Vi vert slitne av å springe så mykje, men det gjev resultat. Og så har vi fint sosialt samhald i gruppa. Vi er mykje saman både i og utanfor skuletida, seier kapteinen, og legg til: 

– Vi spelar fotball i friminutta i skulen. Vi samlast også for å trene iblant utanom dei regulære treningane. Vi synest det er kjekt. Vi øver mellom anna teknikk, står i ein ring og spelar «einspretten», ein leik der ballen berre får vere ein gong i bakken før vi sentrar vidare til neste jente.

Ein gong måtte sjokktapet kome

Jentelaget har etter kvart mange bragder å vise til. Dei har vunne fleire turneringar i tillegg til kretsmeisterskapa. Mest imponerande av alt er kanskje sigeren i den nasjonale Ål-cupen i 14-årsklassen då dei fleste jentene på laget var elleve år gamle.

På dei siste tre åra er det berre ein kamp dei ikkje har vunne, det var i fjor, då dei tapte borte mot Bjørn. På spørsmål om korleis det var å gå på ein slik smell, svarar Hjellum: 

– Eg var ikkje med på akkurat den kampen. Men den kampen har eg høyrt mykje om! 

Det vart felt nokre tårer då, men Hjellum seier det gjeld å ta det med humor. Eit tap ein gong i blant er trass alt berre naturleg, meiner ho. 

Avanserte treningsøkter

Aurland spela ein god kamp og baud på tøff motstand i går, syntest Hjellum.

Noko av det som var mest imponerande med Lærdal sitt spel, var alle pasningane på kryss og tvers, skrått ned mot dørlina, og tilbake igjen framom mål i farleg posisjon, etterfylgt av knallskot rett i mål. Fleire mål var som frå læreboka i gårsdagens kamp.

Hjellum kan fortelje at dei øver målretta på pasningsspelet på treningane og at det er på fotballbana som utanfor, ein må inkludere alle for å verte best. 

– Vi øver også på strategiar og trenarane tek stundom fram tavla med magnetar som førestiller spelarane, og syner korleis ein rører seg og sentrar for å få til best moglege åtak, seier Hjellum.

Til toppen