KARAKTERGAP: Gutar heng etter jentene på skulen, viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå.
KARAKTERGAP: Gutar heng etter jentene på skulen, viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Jentene får betre karakterer enn gutane – forskjellane aukar

Gutane går ut av ungdomsskulen med dårlegare karakterar enn jentene i nesten alle fag. Prestasjonane blir svakare jo eldre gutane blir.

Kroppsøving er det einaste faget der gutane i snitt oppnår høgare standpunktkarakter enn jentene.

På slutten av ungdomsskulen er karakterforskjellane mellom gutar og jenter mykje større enn tidlegare i skuleløpet, melder Statistisk sentralbyrå.

Karakterforskjellane er minst i matematikk. Her fekk gutane i snitt karakteren 3,5 i standpunkt frå ungdomsskulen. Jentesnittet er 3,7. Rundt ein av fire gutar fekk karakteren 1 eller 2 på matematikkeksamen, mens det same gjeld i underkant av ein av fem jenter.

Dei største kjønnsforskjellane er norsk hovudmål – både standpunkt og eksamen. Jentesnittet til standpunkt var 4,2, mens gutesnittet var 3,5. Mange fleire jenter enn gutar får gode karakterar i norsk. Heile 41 prosent av jentene gjekk ut av grunnskulen med 5 eller 6 i norsk standpunkt. Delen gutar med 5 eller 6 i norsk standpunkt var 16 prosent.

Kjønnsforskjellane er derimot mindre på dei nasjonale prøvane, der gutane har overtaket dei første åra.

Gutane gjer det betre enn jentene på rekneprøvane på 5., 8. og 9. trinn, men jentene får overtaket både på eksamen og i standpunkt matematikk på 10. trinn. I lesing blir gapet mellom gutar og jenter gradvis større i favør av jentene, for så å bli markant større i norsk hovudmål ved avslutta skulegang.

Til toppen