IDÈRIKE: Natalie Nes, Helena Damli Rudi og Marte Hollevik står med diplomen som beviser at dei er prisvinnarar på gründermessa i Høyanger. Augusta Skrede Luggenes, Nikolai Nygård, Camilla Haugrud Eitrheim og Jonas Barlyng Rinde står òg bak elevbedrifta som har fått namnet Sundrive. Foto: privat. 
IDÈRIKE: Natalie Nes, Helena Damli Rudi og Marte Hollevik står med diplomen som beviser at dei er prisvinnarar på gründermessa i Høyanger. Augusta Skrede Luggenes, Nikolai Nygård, Camilla Haugrud Eitrheim og Jonas Barlyng Rinde står òg bak elevbedrifta som har fått namnet Sundrive. Foto: privat. 

Jentene frå Årdal hadde beste idè på gründermesse

Vann pizza til heile klassen

Høyanger/Årdal: Elevbedrifta Sundrive frå Farnes skule vann torsdag pris for beste idè på entreprenørskapsmessa i Høyanger. Skular frå heile Sogn deltok og det vart delt ut prisar i seks ulike kategoriar.

Ein mobilladar med solceller var produktet elevane frå Årdal gjekk heilt til topps med. Då vinnarane vart lest opp sat det nokre spente jenter i salen.

– Først fortalte dei litt om elevbedrifta, utan å røpe alt. Då sat vi i spaning og håpte det var vår. Så las dei opp at det var fire jenter frå Årdal, då vart vi veldig glade, seier Marte Hollevik, ein av sju elevar som står bak den prisvinnande idèen.

Les også: No er dei klare for NM for ungdomsbedrifter

Ho seier dei har brukt mykje tid på å utvikle ladaren og at dei har støytt på mange problem undervegs.

– Nokre gongar har vi vore nær ved å gje opp fordi vi trudde det ikkje kom til å gå, seier Hollevik.

– Men no verkar han? 

– Ja, det gjer han, seier ho og opplyser at dei til no berre har fått laga ein prototype.

– Det var målet, slik at folk på messa skulle få sjå han. Men no har me veldig lyst til å lage fleire. Vi trur det kjem til å gå litt fortare og då håpar me på å få selt ein del, seier Hollevik.

Lærar Randi Brekke er stolt over elevane sine.

– Det er gøy å vere med uansett, men kjempestas at dei i tillegg fekk med seg ein pris og gratis pizza på heile klassen. Då føler alle at dei har vore med å vinne litt, seier ho.

Til toppen