Oslo: Jentelaga til Kaupanger IL imponerar på årets Norway Cup. J13 raste til topps i pulja etter første kamp med 11 mål, og tysdag vart dei puljevinnarar.
Ubesigra, gjekk J13 siste puljekamp i møte, då dei møtte Lyn Fotball Hvit på Ekebergsletta. Med heile fem mål av målskårar Nora (to), Marie, Marte og Linn vann jentene frå Kaupanger suverent.
– Det er moro! Me er puljevinnarar med full pott. Det har gått over all forventing, dette trass eit par skadar både før og under turneringa.
– Jentene er høgt oppe og sjølvsagt veldig nøgde, seier trenar Øystein Ruud stolt.
Til topps etter første kamp
J13 grusa IFK Gøteborg i opningskampen, og skåra heile 11 mål. Det var siger også i andre kamp for jentene med 1-0 over Tveit IL.
Saka held fram under biletet.

Med dét gjekk dei rett til topps og leia pulja med 12 mål då dei gjekk inn mot siste kamp.
– Me fekk ein god start mot FK Gøteborg, med ein sterk siger. Det var viktig, då fekk me trua, seier Ruud.
Ruud fortel at det er første gong laget er med på Norway Cup. Jamvel var dei ubesigra og vann pulja med heile 17 mål.
– Det er sterkt gjort første gongen?
– Ja absolutt. Det er eitt godt lag som gjer det bra i serien òg. Det er ein blid og smilande gjeng, seier han.
Onsdag kveld skal jentene frå Kaupanger møte Oppegård i 16.delsfinalen.