DREPNE LAM: Statens Naturoppsyn har dokumentert tre drepne lam som er tekne av jerv 19. august. Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen​.
DREPNE LAM: Statens Naturoppsyn har dokumentert tre drepne lam som er tekne av jerv 19. august. Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen​.

Jerv har teke tre lam i Lærdal

Fylkesmannen har gitt Lærdal sankelag skadefellingsløyve etter funn av tre drepte lam.

Lærdal: Lærdal Sankelag har fått skadefellingsløyve på jerv etter at det blir funne tre drepne lam. Løyvet gjeld fram til 6. september.

Det er Statens Naturoppsyn som har dokumentert dei tre drepne lamma ved Breisete ovanfor Erdal i Lærdal 19. august. Dette er eit område der det tidlegare år har vore omfattande jerveskade.

I fjor mista Naddvik og Lærdal sankelag over 600 sauar til jerv, og det er med dette minnet at Fylkesmannen no gir skadefellingsløyve.

Statens Naturoppsyn har i vinter spora ein jerv, som er identifisert ved DNA til å vera ei tispe, på sørsida av Lærdal, men det er usikkert om tispa har yngla her.

– Det vil òg kunne vera hannjerv i området når det er ei tispe som helst seg der. Statens Naturoppsyn lykkast ikkje med å ta ut jerven i vinter, og det var difor gjeve eit skadefellingsløyve på ein jerv på Lærdal sørside frå 1. juni utan resultat, skriv Fylkesmannen.

I Lærdal er det mykje sau på utmarksbeite, og difor blir dette området vurdert til å ha eit stort skadepotensiale.

Om sommaren er det vanskelegare å ta ut jerv, men ein håpar at mykje folk i fjellet i samband med reinsjakta kan gjera jakta på jerven lettare.

Leiar i Lærdal Sankelag, Kåre Rudningen, var ikkje tilgjengeleg for kommentar.

 

Til toppen