TO DREPNE LAM: Jerven har teke to lam ved Nyborg i Lærdal. Dei to lamma vart funne av ein turgåar søndag. Kart: Mapbox.
TO DREPNE LAM: Jerven har teke to lam ved Nyborg i Lærdal. Dei to lamma vart funne av ein turgåar søndag. Kart: Mapbox.

Jerven tok to nye lam i Lærdal

Søndag blei to lam funne drept av jerv.

Lærdal: Dei to lamma vart funne av ein turgåar ved Nyborg på sørsida av Lærdal, skriv Sogn Avis.

Det er i dette området jerven no har teke totalt 14 lam i sommar og haust. 

– I dette området kjenner me til at det har vore ein jerv i vinter, og det er truleg denne som har vore på ferde, seier rovviltansvarleg Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn til avisa.

Trass nokre tap er denne sesongen langt betre enn fjoråret då over 600 lam vart tekne av jerv på nordsida av Lærdal mot Årdal. 

Les også: Ein god beitesesong gjev han grunn til å smila

– Det har vore ein spesielt god sesong. Kvaliteten på dyra har aldri vore maken, og på nordsida, der rovdyr var eit stort problem i fjor, har det vore reint paradisisk, sa Kåre Rudningen, leiar i Lærdal sankelag, til Porten.no i førre veka. 

Både han og leiar i Naddvik sankelag, Ole Bjarne Hovland, gjev ros til myndigheitene og jegerar som har gjort ein framifrå jobb i vinter med å ta ut jerv. 

Til toppen