Jevnaker toppar lista til Venstre

Jevnaker toppar lista til Venstre

Etter mange år utan har Sogn og Fjordane Venstre fått på plass eit lokallag i Årdal.

Det var Porten.no som først skreiv at Venstre hadde planar om å få til ei liste i Årdal før kommunevalet til hausten. Det var mot slutten av februar. 

Onsdag ettermiddag hadde Årdal Venstre nominasjons- og stiftingsmøte, der eit nytt styre blei valt og ei liste på sju personar nominert.

LES OGSÅ: Vil etablere nytt parti i Årdal

– Det som skjer her i kveld er noko Sogn og Fjordane Venstre har hatt målsetning om i lang tid. Det er vel ein liten månad sidan me var på Klingenberg og bestemte at dette faktisk kunne bli noko, seier politisk leiar i Sogn og Fjordane Venstre. 

– Eg må jo seia at dette har skjedd utruleg fort. No er me her, og det er ganske fantastisk. Me skal nok få til kjempeblest om Årdal Venstre dei neste månadane. 

Artikkelen held fram under biletet.

EFFEKTIVE: I laupet av svært kort tid har Silje Anette Teigen og Terje Horvei fått til ei Venstre-liste i Årdal.
EFFEKTIVE: I laupet av svært kort tid har Silje Anette Teigen og Terje Horvei fått til ei Venstre-liste i Årdal.

Klare meiningar om utviklinga i Årdal

Det var naturlegvis knytt litt spenning til om Venstre ville klare å stille liste innan fristen som går ut om få dagar, men på møtet takka sju personar ja til å vere med. Øvst på lista står Kurt Jevnaker.

– Eg har vore litt tilbakehalden med politikken fram til no. Eg gjer dette fordi eg har vore samfunnsengasjert heile livet og meiner veldig sterkt om korleis Årdal skal utviklast, men så har det vore ulike årsaker som har gjort at eg ikkje kunne følgja det laupet, seier han. 

LES OGSÅ: Ønskjer Venstre velkomen til Årdal

– Eg gjorde eit val ved sist stortingsval. Då vart eg Venstre-mann. Ein blir jo litt indoktrinert i ein kommune der Ap står så sterkt, men eg gjorde eit val der, og det er fordi Venstre har eit program på nasjonalt og fylkesnivå som gjer det lett å kjenna seg att i. Eg har ein klar og tydeleg ambisjon om at folk skal merka at me er her, og det skal me få til ved å snakka tydeleg, ha ein enkel bodskap og vera konkret.

Teigen som nestleiar

Jevnaker blir også styreleiar i lokallaget med initiativtakar Silje Anette Teigen som nestleiar og Yvonne Romøren som styremedlem. 20 år gamle Teigen var kontaktpersonen i kommunen då Venstre ville etablera seg her.

Artikkelen held fram under biletet.

AMBISJONSRIK: Venstre i Årdal i klare ambisjonar om å koma seg inn i kommunestyret.
AMBISJONSRIK: Venstre i Årdal i klare ambisjonar om å koma seg inn i kommunestyret.

Ho vart også føreslegen som leiar i styret, men etter som ho reiser utanlands i september, var det noko som tala imot. 

– Det er viktig at leiaren er her i bygda og er ansiktet ut i media. Det kan bli ei sak av at leiaren ikkje er til stades, seier ho. 

Klare ambisjonar

No startar valkampen for alvor for det nyetablerte partiet. Jevnaker seier ambisjonen er å koma i kommunestyret.

– Me er godt nøgde med namna me har fått på plass. Dette er eit kjempeteam som det blir spennande å jobba vidare med. Eg er klar for å gå i kampen. Me skal i kommunestyret, den er grei, seier toppkandidaten. 

Med kommunereform på trappene kan det fort vera at dette blir siste gong Venstre sit i eit kommunestyre i Årdal. 

– Det i seg sjølv er spennande. Eg er ganske sikker på at å gå inn i valkamp og ikkje meina noko om endringane som berører oss, kan me ikkje gjera. Me må bruka tid på å tenka gjennom kva som er viktig. Ambisjonen er at me skal forma eit program me kan gå til val med og stå på torget og snakka varmt om. 

Til toppen