USTABILT: Joasetbergi er den markerte knausen på biletet - fjellet vil bli kontinuerleg overvaka av NVE framover. Foto: Arne Veum.
USTABILT: Joasetbergi er den markerte knausen på biletet - fjellet vil bli kontinuerleg overvaka av NVE framover. Foto: Arne Veum.

– Joasetbergi er eit høgrisikoobjekt

NVE set inn kontinuerleg overvaking av fjellet i Aurland.

Aurland: – Kartlegginga har avdekka at Joasetbergi i Aurland i Sogn og Fjordane skal ha kontinuerleg overvaking. NVE har allereie eit målesystem på plass som måler om det er rørsle i fjellpartiet. Ei vidare utbygging av overvakinga er planlagt og vil bli etablert i 2016,seier Lars Harald Blikra, seksjonssjef i NVE. 

Joasetbergi ligg inst i Aurlandsfjorden, rett nordaust for der E16 går inn i Fretheimstunnelen.

Artikkelen held fram under kartet

NÆR FJORDEN: Joasetbergi ligg nordaust for Flåm og rett opp frå E16 og Aurlandsfjorden. Utras av ei stor steinblokk herifrå vil naturlegvis kunne få katastrofale konsekvensar. Kart: Mapbox
NÆR FJORDEN: Joasetbergi ligg nordaust for Flåm og rett opp frå E16 og Aurlandsfjorden. Utras av ei stor steinblokk herifrå vil naturlegvis kunne få katastrofale konsekvensar. Kart: Mapbox

– For å gjera det trygt for folk som bur nær fjellet

Den ustabile tilstanden kjem fram i ein ny rapport der NVE offentleggjer resultata frå kartlegginga av 22 ustabile fjellparti. I tillegg til resultata frå kartlegginga inneheld rapporten også NVEs forslag til oppfølgjande tiltak for det enkelte fjellpartiet. 

– Joasetbergi blir dermed definert som eit høgrisikoobjekt som NVE skal overvaka kontinuerleg for å kunne varsle fare for fjellskred. Dette gjer vi for å gjera det trygt for folk som bur og oppheld seg nær dette fjellpartiet, seier Blikra.

Analysar av utløp og flodbølgjer blir også gjort for Joasetbergi - denne oppfølginga vil bli gjort i tett dialog mellom NVE og kommunen, skriv NVE.

Frittståande blokk kan skapa flodbølgje

Faren ligg i at ei heilt frittståande blokk vest for Joasete skal rasa ut, denne har eit estimert volum på 280 000 kubikkmeter. Årleg gjennomsnittleg rørsle er om lag ein centimeter basert på målingar med differensiell GPS og bakkebasert radar. 

– Eit fjellskred frå dette området vil kunne nå fjorden og skapa flodbølgjer med relativt store konsekvensar, skriv NVE på sida om fjellet.

Sannsynet for eit stort fjellskred frå Joasetbergi  vurderer NVE til å ligga mellom 1 prosent og 0,1 prosent per år.

Til toppen