Jobbar for å halde Årdal-Tyin vinterope

Jobbar for å halde Årdal-Tyin vinterope

– Me kan ikkje sitja å venta, seier årdalsordførar Arild Ingar Lægreid.

Difor har Årdal og Vang kommune gått saman for å kjempa for at fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin ikkje skal vinterstengast. Via Årdal Utvikling har dei bestilt ein rapport frå selskapet Vidsyn. 

Hovudutvalet for samferdsle har bedt administrasjonen i fylkeskommunen om å greie ut forslag til ny driftsstandard for fylkesvegnettet med ei innsparing på 40 millionar kroner årleg.

Det har gjort vinterstenging av denne fjellovergangen aktuell som eit av fleire innsparingstiltak. 

– Me har prøvd å bygga opp rapporten ved å gå ut til næringslivet, hytteeigarar, nabokommunar som Vang og Hydro Energi for å finna ut av kor viktig heilårsvegen og vinterope er for dei som har aktivitetar i fjellet, seier Lægreid. 

Store summar går tapt

Utarbeidinga av ein slik rapport er forankra i handlingsplanen til kommunen, fortel Terje Laberg, leiar i Årdal Utvikling, men det heng også sterkt saman med reiselivsprosjektet som no skal satsast på over dei fire neste åra.

– Viss du ser på hytteområda i nærleiken av vårt lokalsamfunn, så representerer dei hyttene om lag ein plass mellom 75 og 95 millionar i kjøpekraft. Det er viktig for Årdal at me er i ein posisjon der dei kan nå Årdal og handla. Det har utruleg mykje å seia for årdalssamfunnet at me får dette til, seier han.

I rapporten peikar ein på fleire punkt for kvifor denne vegen er så viktig. Forutan å vera ei viktig åra til E16, er vegen ein inngangsportal til Jotunheimen, viktig for beredskap og kommunikasjon, nøkkelen for selskap som driv vedlikehald på tekniske installasjonar, og ikkje minst avgjerande for alle med fritidsbustad og verdien på desse.

Gode argument

Lægreid synest det er litt vel dramatisk å kalle det for ei slags nedlegging av eit lokalsamfunn ved ei vinterstenging.

– Men det er klart at slik eg har oppfatta fylkeskommunen, er det ei vurdering. Her kan det handla om mykje; at han er meir stengt enn han er i dag, men ikkje vinterstengt til dømes. Det me har jobba med den siste tida er denne argumentasjonslista i rapporten som fortel politikarane og fylkesadministrasjonen kva denne vegen betyr for Årdal. 

– Me aksepterer sjølvsagt at han er stengt på grunn av vêr, men eg er godt nøgd med brøytejobben dei siste åra etter at brøytestasjonen på denne sida av fjellet vart teken i bruk. 

Av tala som kjem fram i rapporten kan ein også trygt seia at samfunnsnytten ved å halde vegen open er større enn innsparingane til fylkeskommunen. Årleg betalar Sogn og Fjordane fylkeskommune tre millionar i vedlikehald, medan Oppland betalar éin million. Til samanlikning ligg utgiftene i sommarhalvåret på berre 500 000 kroner årleg. 

Reiselivssatsing

Lægreid fortel at Årdal har støtte frå kommunar i stamvegutvalet for E16. Også Oppland fylkeskommune frårådar dette på det sterkaste i eit brev til fylkesdirektør for samferdselsavdelinga, Velaug Veum. 

– For vår del er det viktig å ha eit faktagrunnlag når me no skal jobba opp mot politikarar og fylkestinget, og så skal me sjølvsagt jobba vidare politisk med denne saka viss ho kjem opp i politiske fora der dette blir ei vurdering, seier Lægreid.

– Eg trur det er viktig at måten me no har teke tak i reiselivssatsinga. Det har eg faktisk tru på. Viss me klarar å samla alle aktørar under ein paraply, slik Årdal Utvikling og Laberg no har jobba med, der ein ilag prøver å utvikla reiseliv, så har eg tru på dette. 

Til toppen