NYE TANNLEGAR: Begge tannlegane som i dag er tilsett ved Årdal tannklinikk skal slutte ved årsskiftet. Difor vert det no jobba med å få på plass nye tannlegar. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
NYE TANNLEGAR: Begge tannlegane som i dag er tilsett ved Årdal tannklinikk skal slutte ved årsskiftet. Difor vert det no jobba med å få på plass nye tannlegar. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Jobbar med å få nye tannlegar til Årdal

Frå årsskiftet kan Årdal stå utan offentlege tannlegar, men Clara Øberg er ikkje bekymra. 

Årdal: Fylkesdirektøren for tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane fortel at dei to tannlegane som jobbar der i dag forsvinn frå årsskiftet. 

– Det er trist fordi dette er svært flinke folk. Årsaka til at dei må slutte er studier og permisjon, fortel Øberg.

Ho er ikkje uroa for framtida til tannklinikken, som er relativt ny, og ifølgje ho stod tannlegar i kø då klinikken var klar. 

– Klinikken er bygd opp til å bli kjempepopulær, og er ein av få klinikkar med inntening, altså er pasientgrunnlaget auka voldsomt. 

I Lærdal er det ein liknande situasjon, men også her er fylkesdirektøren trygg på å finne ei løysing. 

Vist interesse allereie

Fylkesdirektøren har starta arbeidet med å skrive utlysingar etter to nye tannlegar. Utlysingane vil kome snart. 

– Me lyser etter to tannlegar no og har allereie gått i dialog med folk som skal vikariere for å sikre pasientane behandling. 

– Det er allereie to med full utdanning som søkte berre på ryktet klinikken har, men desse vart vurdert som ikkje flinke nok på språk, noko som me set store krav til. 

Det er også ein til som har søkt seg til Årdal før utlysinga, og beskjeden frå Øberg er klokkeklar.

– Nei, me står ikkje utan tannlegar i Årdal ved årsskiftet.

– Ein klinikk for framtida

I sommar vedtok fylkespolitikarane å leggje ned ti klinikkar i fylket, der den einaste i Sogn var på Leikanger. Fylkeskommunen har no investert i ei lasemaskin til behandling av personar med tannlegeskrekk til 1 million kroner. Denne skal plasserast i Årdal.

– Er dette med på å understreka at Årdal skal behalde kontoret sitt i framtida også?

– Sjølvsagt. Me har nettopp starta ny klinikk i Årdal. Den er kjempestor og hypermoderne. Årdal skal vere ein klinikk for framtida, og så er det mitt ansvar å sørge for gode fagfolk i Årdal, og det skal det vera òg i framtida.

Til toppen