MYKJE: I samband med utbrotet av CWD i Nordfjella trykkjer Mattilsynet på for at mykje hjort skal fellast under jakta i haust. Difor har fleire aktørar gått i hop for å gje eit tilbod til jegerane med mottak der skote hjortevilt, også villrein og hjort, kan oppbevarast til negativ CWD-prøve ligg føre. Eit selskap som kjøper slakt jegeren heller vil selja enn ta med seg heim, er også på treppene.
MYKJE: I samband med utbrotet av CWD i Nordfjella trykkjer Mattilsynet på for at mykje hjort skal fellast under jakta i haust. Difor har fleire aktørar gått i hop for å gje eit tilbod til jegerane med mottak der skote hjortevilt, også villrein og hjort, kan oppbevarast til negativ CWD-prøve ligg føre. Eit selskap som kjøper slakt jegeren heller vil selja enn ta med seg heim, er også på treppene. (Foto: Privat foto)

Jobbar med å få på plass mottak for hjortevilt felt under jakta

Ettersom det nærast er fri flyt av reinsløyver i Nordfjella og hjorteløyver i spesielt Lærdal, kan mange jegerar få svært mykje kjøt å ta seg av i haust. Difor er no fleire aktørar i gang med å få på plass eit mottak for oppbevaring og eventuelt sal av hjortevilt felt under jakt 

Aurland/Lærdal/Årdal: – Me set opp kjøleconteinarar; ein på Håbakken og ein i Aurland. Her kan slakt av alle typar hjortevilt hengast inn av jegerane i påvente av godkjenning, det vil seia stadfesta negativ CWD-prøve. Når stadfestinga ligg føre, kan jegeren velja å selja kjøtet til den verksemda som me prøver å dra dra i gang på Håbakken, eller jegeren kan ta med seg kjøtet heim att, fortel Odd Lothe Ohnstad, dagleg leiar i Haugen Gardsmat.

Reinsjakta i Nordfjella har vara tre og halv veke, hjortejakta starta rett før helga.

I Nordfjella vart det før jakta tildelt 1 750 løyver, og på kvart løyve kan ein fella eitt fritt dyr og ein kalv – i praksis 3 500 løyver totalt.

Les også: Går for reinsjakt i nesten tre månader

I tillegg har Mattilsynet uttalt det kan bli aktuelt å gå inn med statleg jaktlag for å felle hjort i kommunane rundt Nordfjella – dersom ikkje jegerane feller «nok» hjort og elg under ordinær jakt.

Les også: Vurderer massejakt på elg og hjort

– Mange motivasjonar

Slikt blir det mykje kjøt av. Og no dreg altså fleire aktørar saman for å få på plass slike viltmottak.

– Det er mange motivasjonar for å dra i gang dette, men for oss og meg personleg er det for å sikra at ein har eit mottak og tilbod for å få nytta mest mogleg av kjøtet på reinen og hjorten som skal ut til mat. For det er betydelege, og mest mogleg bør takast ut under ordinær jakt, seier Lothe Ohnstad.

Spesielt er han oppteken av at «vanlege jegerar» skyt mest mogleg av Nordfjellareinen før det statlege jaktlaget startar sitt uttak seinare i haust. Kjøtet frå den statlege jakta blir nemleg destruert, noko Lothe Ohnstad har reagert på.

Les også: Sjokkert over at kring 50 tonn reinskjøt blir destruert

– Dei har vel kanskje kome for langt i prosessen til at dei kjem til å snu, men no er det så mange og sterke krefter som pressar på at me har ei von om at dei tek til fornufta. I så fall vil mottaket også kunne avhjelpa under det statlege uttaket, seier Lothe Ohnstad, som også fortel han skal debattera saka i Dagsnytt 18 måndag.

Ønskjer å etablera verksemd

Mottaket er ikkje på plass enno, men like rundt hjørnet – berre alle godkjenningar og formalitetar har kome i orden. Då vil nærare info om mottaket og ordninga koma i offisielle kanalar, fortel Lothe Ohnstad.

– Det er viktig å presisera at kjøtet er jegeren sitt så lenge det heng i conteinarane. Så snart negativ prøve for CWD ligg føre, må slaktet ut av conteineren, anten ved at jegeren tek det med heim, eller sel det til oss, strekar han under.

Haugen Gardsmat har teke ei leiande rolle i å få dette til – med seg har dei Lærdal Grønt, Kjøttmakeren, Lund Hjort og huseigar Lokreim AS.

– Tanken er at det skal etablerast ei verksemd av dette i Håbakken. Conteinarane er leigde, og det er ikkje ubetydelege kostnader ved å få dette på plass. Så søknader om stønad er sendt i aust og vest – til direktorat, kommunar og fjellstyra, forklarar Ohnstad.

Kommunal viltforvaltar i dei tre respektive kommunane, Knut Fredrik Øi, fortel mottaka også vil avhjelpa ein annan problematisk situasjon.

– For å kunne handtera avliva vilt som er trafikkskadd, eller som er teke ut gjennom skadefellingsløyver, må me ha eit slikt mottak som er godkjent. Det har me hatt før, men det har me ikkje per dags dato. Såleis vil desse mottaka dekkja dette behovet også, seier han.

Til toppen