HEILE REGIONEN: Tor Arne Ness, leiar i Kaupanger Næringsforening, sa under Tataki-frukosten at eit Vitensenter på Kaupanger vil koma heile regionen til gode. Foto: Ole Ramshus Sælthun
HEILE REGIONEN: Tor Arne Ness, leiar i Kaupanger Næringsforening, sa under Tataki-frukosten at eit Vitensenter på Kaupanger vil koma heile regionen til gode. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Jobbar med å få Vitensenter på Kaupanger

– Det er på eit visjonsstadie førebels, men me har sett i gang eit nytt forstudie og viss alle gode krefter går i lag er det mogleg å få til, seier Tor Arne Ness, leiar i Kaupanger Næringsforening.

Kaupanger/Lærdal: – «Tataki» høyrest jo ut som ein Toyota-modell, så det passar godt, sa Ness under frukostmøtet på Håbakken Kro i regi av Lærdal Næringsutvikling onsdag morgon.

Frukostmøta er no omdøypte til «Tataki»-frukost ettersom næringssamskipnaden no vil få etablert dette omgrepet. Og bakgrunnen Ness har som dagleg leiar for Toyota Sogn AS på Kaupanger forklarar opninga på føredraget hans.

Det handla eigentleg om «Kaupus» - ein moglegheitsstudie som har vore gjennomført no i år for å synleggjera moglegheitene verksemdene og næringsområdet har for vekst, innovasjon og utvikling.   

Heile regionen

No har dei kome over i fasen med ein «Kaupus 2.0» der dei går meir konkret til verks.

– Då snakkar me ikkje berre om Kaupanger, men heile regionen - ja, fylket for den del. Det handlar om å utnytta synergieffektar og skapa ein møtestad, sa Ness.

Den sentrale, konkrete og spanande løysinga her er eit Vitensenter. 

Det finst ti Vitensenter i Noreg frå før, men om ein teiknar ein trekant frå Bergen via Oslo til Trondheim er ingen av desse ti i dette området på Nord-Vestlandet eller indre deler av det nordre Austlandet. 

Vitensentera er populærvitenskapelege opplevings- og læringssenter innan matematikk, naturvitskap og teknologi der dei besøkjande lærer ved å eksperimentera sjølve - ein utforskar fenomen knytt til natur, miljø, helse og teknologi i praksis.

– Kvifor Sogn og Fjordane? Først og fremst fordi det er stort behov for realfagskompetanse, og me har unike naturressursar og eit næringsliv som kan knytast opp mot eit slikt senter, sa Ness.

Signalbygg på 3000 kvadratmeter

I tillegg til å fylla ut eit «hol» i høve kvar dei andre sentera finst i landet og behovet for realfagskompetanse, ramsa Ness opp argument som den fysiske nærleiken til Høgskulen, Vestlandsforsking og den vidaregåande skulen i Sogndal pluss hovudferdselsåra aust-vest. 

Også at det er ein høg del pedagogar i regionen og arbeidsplassar innan utdanning og næring - vidare at næringslivet treng formidlinga og interessa for realfag og at ålmenta treng kunnskap om næringslivet.

– Me har lyst til å setja opp eit signalbygg på 3000 kvadratmeter langs riksveg 5, helst i tre. Eit Vitensenter vil vere ei drivkraft i eit slikt bygg, men me tenkjer også å kobla dette opp mot innovasjon og næringsutvikling for å utnytte samhandling og sambruk, sa Ness.

 Og kva som skal formidlast i bygget, altså kva dei besøkjande kan få kunnskap om, skal vera tufta på lokalt særpreg:

– Det grøne skiftet, fjord og fjell, frukt og bær, prosessindustri, transport og miljø, reiseliv, IT og programmering, ramsa Ness opp.

På spørsmål frå salen om når eit slikt senter kan stå klart nemnde Ness at 2019 kanskje kan verka hårete, men vera eit mål å strekkja seg etter. 

– Me er på eit visjonsstadie førebels, men har sett i gang eit nytt forstudie, så viss alle gode krefter går i lag er det mogleg å få til. Søknad blir sendt til Innovasjon Norge og Sogn Næring no, heldt han fram.

– Skal formidla næringslivet og ressursane i  Sogn og Fjordane

I spørsmålsrunden kommenterte dagleg leiar for Lærdal Grønt, Harald Blaaflat Mundal at dette var glitrande og spanande. Ness fekk spørsmål om konkret innhald i eit slikt senter, og svara at det ikkje er klart enno.

– Innhald vert ein del av forstudie me skal starta, men i vår region er fornybar energi eit naturleg tema. Då kan me snakka om energi i form av både vasskraft, vindkraft, solceller og ikkje minst hydrogen - i alle fall om hydrogenprosjekta i Årdal og Høyanger vert realiserte. 

Han heldt fram at eit Vitensenter ikkje ville vera i konkurranse med noko eller nokon og at miljøet på Fosshaugane Campus er positive til å utvikla aksen Sogndal-Kaupanger - men at ei realisering langt på veg heng på nokre institusjonar.

– Skuleeigarane er eit fundament i ei satsing på Vitensenter, det gjeld både fylkeskommune, kommunane og høgskulen. Og Vil Vite-senteret i Bergen kan vere ein naturleg partnar som me er i dialog med.  Poenget er å skapa eit unikt Vitensenter som formidlar næringslivet og ressursane i  Sogn og Fjordane. Dette kan også gi spanande koblingar inn mot reiseliv.

Til toppen