Jobbar om natta for å få tunnelane ferdige

Gudvangatunnelen, Fretheimstunnelen, Flengjatunnelen og Onstadtunnelen på E16 i Aurland blir kraftig utbetra. Sjå bilete!

Aurland: Ei vanleg natt kan det vera opp mot rundt 100 personar i sving inne i berget, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

Det er ein del av eit landsdekkande prosjekt, der Vestlandet har fått den største biten av kaka. I Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane skal nøyaktig 200 tunnelar utbetrast mellom 2015 og 2023.

Les også: Ny tunnel og veg tek form ved Øye

I hovudsak går det på å byta ut gammalt utstyr og betra tryggleiken, til dømes ny ventilasjon, betre merking, leielys og oppdatering av kommunikasjons- og styringssystem. Nye eller forbetra snu-nisjar, som skal gjere det enklare å snu og køyre ut att av tunnelen, er òg blant sikringstiltaka.

Alt arbeidet fører til hyppige nattesstengingar for bilistane. Men byr òg på utfordringar for tunnelarbeidarane.

– I tillegg til å køyra ut stein og rydda vegbana, må me gå over og sikra veggar og tak i tunnelen, før me kan vera trygge på at det er forsvarleg å sleppa bilar igjennom. Kvar natt er det ein spurt for å rekka å bli ferdig til kolonna klokka 02.00, seier Rune Saue, arbeidsformann for hovudentreprenør Flage Maskin AS i pressemeldinga.

Arbeidet i aurlandstunnelane skal etter planen vera ferdig i 2019. Etter det startar arbeidet med Lærdalstunnelen.

Til toppen