VIL HA NYTT BARNETREKK: Sogndal skisenter har i dag eitt barnetrekk som går ved sidan av det gamle trekket. No vil dei gjere det same også i det nye trekket i Rindabotn. Foto:  Sogndal Skisenter Hodlekve  av  Øyvind Nondal  lisensiert under  CC BY-NC 2.0 .
VIL HA NYTT BARNETREKK: Sogndal skisenter har i dag eitt barnetrekk som går ved sidan av det gamle trekket. No vil dei gjere det same også i det nye trekket i Rindabotn. Foto:  Sogndal Skisenter Hodlekve av  Øyvind Nondal  lisensiert under  CC BY-NC 2.0 . (Foto: Øyvind Nondal)

Jobbar på spreng for å få nytt barnetrekk til årets sesong

Sogndal skisenter ønskjer å bli ein enno meir attraktiv skidestinasjon for barnefamiliar.

GLADNYHEIT: Per Odd Grevnes håpar å kunne overraske barnefamiliar med eit nytt tilbod allereie denne sesongen.
GLADNYHEIT: Per Odd Grevnes håpar å kunne overraske barnefamiliar med eit nytt tilbod allereie denne sesongen.

Sogndal: Budsjettet for det nye barnetrekket er på omlag 2,5 millionar kroner. Og sjølv om finansieringa knapt er i boks, er likevel målet å få det ferdigstilt denne sesongen. 

– Vi dansar på ei stram tidslinje, men er svært gira på å bygge det no i år, seier Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i Sogndal skisenter.

Les også: No vil skisentera i Sogn satse på stisykling

Kamp mot klokka

Det første dei er avhengige av er politisk velvilje. Denne veka skal nemleg formannskapet i Sogndal ta stilling til eit nytt lån til skisenteret på ein million kroner, som forskottering av tippemidlar.

– Det gjer det mogleg å få realisert planane raskare enn viss vi skulle venta på desse pengane, seier Grevsnes.

Gir politikarane tommelen opp er det opp til vêrgudane. Det gjeld nemleg å få støypt fundamenta før telen går i jorda.

– Greier vi dèt kan vi montere trekket sjølv etter at snøen har komen. Det avgjerande er at vi rekk telen, seier Grevsnes.

Viktig del av satsinga

Det nye barnetrekket skal liggje på venstre sida av heisen i Rindabotn og på den måten få ei strategisk plassering når det nye servicebygget forhåpentlegvis står klart til neste år. 

Med sine 28 høgdemeter fordelt på 220 meters lengde er det langt frå noko spektakulært trekk vi snakkar om. Likevel blir det ein viktig del av satsinga til skisenteret.

– Vi gjer det for å bli ein enno meir attraktiv skidestinasjon for barnefamiliane, seier Grevsnes.

Viss alt går etter planane vil alt kunne stå ferdig 1. februar, men det er med alle moglege forbehald. Det den daglege leiaren derimot kan love, er at den gjengse skikøyraren vil oppleve store forbetringar frå førre sesong.   

– Vi har fått opna opp fleire nye trasear. Det er både trasear som gjer at du kan bevege deg mellom trekka på ein betre måte og nye nedfartar som gir nye moglegheiter for skikøyrarane, seier Grevsnes. 

Til toppen