REFORM: Fredag vart fleirtalet i Sogn regionråd einige om å gå vidare med ei vidare utgreiing av storekommunealternativet for Sogn. Berre Høyanger og Luster trakk seg ut. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
REFORM: Fredag vart fleirtalet i Sogn regionråd einige om å gå vidare med ei vidare utgreiing av storekommunealternativet for Sogn. Berre Høyanger og Luster trakk seg ut. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Jobbar vidare for ein storkommune i Sogn

Berre Høyanger og Luster vil ikkje vera med vidare på ei utgreiing.

Årdal/Lærdal: Det blei klart då Sogn regionråd hadde møte i Balestrand fredag før helga. Av dei sju kommunane som står igjen, har dei fleste allereie gjort vedtak i sine respektive kommunestyre om kva dei ønskjer vidare.

Både Årdal og Lærdal har bestemt seg for å vera med på vidare ugreiingar om ein storkommune med Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland. 

– Kommunestyret i Årdal har gjort eit vedtak på at me skal jobba vidare med tre alternativ. No kjem regionrådet til å stå for ein prosess der me skal jobba fram intensjonsavtalar på det store alternativet, seier ordførar i Årdal Arild Ingar Lægreid.

Startar etter nyttår

Han fortel at vedtaket gjer at eit mogleg samarbeid mellom Årdal, Lærdal og Aurland må liggja til ein ser kor langt ein kjem med det store alternativet. 

– Me må sjå korleis det går med arbeidet med intensjonsavtalane, om ein kjem til noko felles eller nokon fell av. Prosessen startar like over nyttår, og det blir intensivt.

To alternativ for Lærdal

I Lærdal er det ikkje gjort eit vedtak om kva alternativt ein skal jobbe med. Dette skal opp til vedtak i kommunestyret seinare i desember, men for ordførar Jan Geir Solheim ser han berre to realistiske alternativ.

– Det er å stå åleine eller vere med i ein så stor kommune som mogleg, seier han.

– Eg var klar på at eg synest nokre av vedtaka kommunane hadde gjort ikkje var klare nok. Når alle har gjort vedtak og sekretær i regionrådet får laga ei oversikt, vil ein få fram moglegheitene. 

Mykje kjensler

Han trur kjenslene for alvor blir sett i sving når innhaldet i intensjonsavtale skal diskuterast. Lægreid seier ei viktig sak for han vil bli at helsetenestene skal lokaliserast på sjukehuset i Lærdal. 

Innan sommaren skal kommunane i Noreg har kome opp med korleis dei ønskjer at kommunekartet skal sjå ut i framtida. I Årdal har dei folkevalde bestemt at det vil bli ei folkerøysting når intensjonsavtalar er klarare.

Til toppen