NYTT MIDTBANEELEGANT: Johan Hove (16) er framleis ung, men kan fort få mange minutt i årets eliteserie om han held oppe taktene han har vist i vinter.
NYTT MIDTBANEELEGANT: Johan Hove (16) er framleis ung, men kan fort få mange minutt i årets eliteserie om han held oppe taktene han har vist i vinter.

Johan Hove (16) bankar på døra til førstelaget

Over tjue år etter at trenar Eirik Bakke sjølv starta å herje på midtbana til Sogndal, er ein ny sogndøl klar til å ta over stafettpinnen.

Sogndal: Som Johan Hove var Eirik Bakke berre femten år gamal då han debuterte for Sogndal. Sidan vart det over hundre kampar for heimklubben, proffspel for Leeds, seriegull med Brann og tjuesju landskampar.

No er han trenar for ein spelar som vart fødd året før han sjølv spelte semifinale i mesterligaen i 2001.

– Johan er ein av dei betre spelarane i Norge i sin posisjon og blir ein viktig mann for G17-landslaget som skal ut i EM-kvalik no. At han er frå Sogndal er ekstra godt å sjå. Tida vil visa kor god han blir, men Johan vil i allefall legga ned innsatsen som skal til, seier Bakke.

Les også: Sivert (14) debuterte for Sogndal
Les også: Ungt Sogndal tapte i sluttminutta mot Hødd

Har ambisjonane i orden

Saman med Henrik Furebotn (31) kan Johan Hove (16) fort bli det lokale alibiet til Sogndal denne sesongen. I går utgjorde dei midtbaneduoen då eit ungt sogndalmannskap måtte gje tapt for Hødd.

 – Det er kjekt å spele med Henrik. Han spring mykje og dekkar store rom, så då blir det mindre jobb på meg, seier Hove, yngstemann i A-lagstroppen til Sogndal i år som i fjor.

Då vart det med tre korte innhopp i eliteserien. Denne vinteren har Hove vist at han er moden for meir ansvar og kampen mot Hødd stadfesta det inntrykket. Roen, overblikket og pasningsfoten ser i allefall ut til å halde standarden i massevis. Fysikken er ikkje avskrekkande langt unna den heller for ein kar i midten av tenåra.

Sjølv har Hove ambisjonar om å melde seg på i diskusjonen om ein plass i starteellevaren allereie denne sesongen.

– Eg legg ikkje skjul på at det er noko eg ønskjer. Eg tykkjer det har gått bra når eg har fått sjansen og håpar på fleire og lengre innhopp i år, seier Hove.

Mange om beinet

Den interne konkurransen er tøff. Midtbana er truleg den sterkaste lagdelen, ikkje minst sentralt er det trangt om plassen. Chidiebere Nwakali (20), den meget spanande leigesoldaten frå Manchester City, ser ut til å vere førstevalet saman med anten Eirik Birkelund eller Henrik Furebotn.

Simen Brekkhus, Eirik Schulze og Vegard Leikvoll Moberg kjem heilt sikkert til å få sine sjansar, sjølv om sistnevnte kanskje er mest aktuell i midtforsvaret.

Likevel skal du ikkje vere overraska om ein ung sogndøl snart har passert dei alle saman.

– Johan er framleis berre seksten år, men skal få nokre minutt framover. Så er det opp til han sjølv kor mange det blir, seier Bakke.

Landslagsoppdrag tek mykje fokus

Denne vinteren har han spelt meir for landslaget enn med klubben. Berre i februar vart det tre kampar for G17 mot Sverige, Polen og Tsjekkia. Også dei to siste treningskampane mot Strømsgodset og Brann må han stå over på grunn av landslagsoppdrag.

Sjølvsagt både ei stor oppleving og ei stor ære, men det gjer òg at han går glipp av store delar av sesongførebuinga med laget.

– Kan det bli for mykje av det gode?

– Det er ikkje opp til meg å bestemma, det er opp til Eirik og resten av støtteapparatet. Eg har full tillit til at dei vel det som er best for meg. Eg gir alt der eg er, seier Hove.

Bakke innser at landslaget har tatt mykje av fokuset til tenåringen, men meiner midtbanetalentet har fått ei god oppkøyring uansett.

– Han må nok starta litt bak dei andre, men han viser til tider i dag at han har mykje fotball i seg og eg veit at han har eit enno høgare nivå inne. No får han berre melda seg på i kampen med dei andre. Alder er inga hindring, men me skal gje han tid, seier han.

Til toppen