Sogndal: Mot ingen ringare enn Odd fekk Johan Hove (16) eliteseriedebuten frå start søndag kveld. På toppen av det heile spelte han heile kampen og var stødig i det meste han føretok seg.

– Han veks meir og mer utover i kampen og det er moro å sjå, mot kanskje den tøffaste midtbana i Norge. Og han har meir å gå på, seier trenar Eirik Bakke.
Les også: Bakke: – Har tilbydd Hovland kontrakt
Les også: Uavgjort mot Odd: – Taktisk perfekt
Kjente på nervane før start
16-åringen fortel sjølv at han kjente på nervane i spelartunnelen før kampen. Etter eitt fattig innbytte denne sesongen skulle han endeleg få sjansen frå start i ein eliteseriekamp.
– Det var veldig kjekt og noko eg har sett fram til og jobba mot veldig lenge. Det var stort å få sjansen, seier Hove.
Han seier det gir stor motivasjon at trenarane vel å vise han tillit i så ung alder. Debuten karakteriserer han som god:
Unggutane viste veg
– Så har eg sjølvsagt meir på lager. Det vart ein forsvarskamp og mykje springing. Det er noko eg har blitt van med her i Sogndal, seier Hove, som håpar på enno meir speletid siste halvdelen av sesongen.
– Eg skal berre jobba hardt og ta trening for trening, så er det opp til trenarane å bestemme avgjere. Men eg vil spele så mykje som mogleg, seier han.
Saman med 18-åringen Ulrik Fredriksen, kanskje bestemann på bana i uavgjortkampen, viser Hove at Sogndal har nok av talent å velje mellom i troppen.
– Om du er 41 eller 16 år spelar ikkje noko rolle. Så lenge du er god nok så får du spele. Eg var ikkje redd for han i dag, seier Bakke om debutanten.