SENTRAL: Frå ankerposisjonen på midtbana greidde ikkje Johan Hove frå Sogndal å hindre at det vart tap mot eit lettbeint og ballsikkert England. Foto: arkiv/Thomas Brekke Sæteren.
SENTRAL: Frå ankerposisjonen på midtbana greidde ikkje Johan Hove frå Sogndal å hindre at det vart tap mot eit lettbeint og ballsikkert England. Foto: arkiv/Thomas Brekke Sæteren.

Johan Hove (16) med målgjevande i EM-tapet

Turneringsfavoritt England vart for sterke.

Kroatia: G17-laget til Norge tapte i dag 1-3 mot England i deira første gruppekamp i EM-sluttspelet i Kroatia. Sogndalspelar Johan Hove spelte heile kampen på midtbana og slo hjørnesparket som førte til at Norge tok leiinga etter åtte minutt.

Les også: Johan Hove (16) bankar på døra til førstelaget

Motstandar England utlikna derimot kjapt og derifrå og ut var dei det beste laget. To mål av Rhian Brewster (Liverpool) og eitt av Phil Foden (Manchester City) gjorde at laget mange reknar som EM-favorittar kunne ta ein komfortabel siger.

Neste kamp for Norge kjem om tre dagar mot Nederland, før gruppespelet blir avrunda mot Ukraina på onsdag i neste veke. Dei to beste i gruppa går vidare til kvartfinale.

Til toppen