Sogndal: Torsdag fekk Sogndal-spelar Johan Hove utdelt 50.000 kroner i stipend frå Furorestipendet som Sparebanken Sogn og Fjordane har.
Det er første gongen at ein så ung utøvar får så mykje i stipend.
– Det er rett og slett fordi me ser ei uvanleg tidleg bløming og målretta satsing hjå ein fotballspelar som allereie har over dusinet kampar på aldersbestemt landslag bak seg og er tidenes yngste debutant på Noregs høgste nivå, heiter det i grunngjevinga frå juryen.
Furorestipendet blir delt ut til talent i eller frå Sogn og Fjordane i alderen 15-30 år innanfor tre kategoriar: kultur, idrett og open klasse. Storleiken på stipenda vil variere frå 25 000,- til 100 000,-.
Fagjuryen er samansatt av personar med brei røynsle innan idrett, kultur og næringsutvikling frå fylket.
– Det fortel mykje når me veit at nålauget for å sleppe til i Eliteserien vert stadig trongare, og det krev meir av både innsats, systematisk trening, fokus og ambisjonar for å nå fram.
– Ambisjonane er det ingenting i vegen med for Johan Hove sin del. Han slår kort og greit fast at målet er å bli profesjonell fotballspelar og spele i ein stor europeisk liga. Juryen må berre applaudere hans ambisiøse planar, og krysse alle fingrar for at han lukkast, heiter det vidare.
Hove er 15 år, har allereie 13 landskampar G15-16 (motteke fire bestemannsprisar i desse kampane) og éin kamp i Eliteserien.